10403_not-searchable
/helse/statistikker/steril/aar
10403
Flest steriliserer seg som 38-åringar
statistikk
2004-10-20T10:00:00.000Z
Helse
no
steril, Steriliseringar (opphørt)Helseforhold og levevaner , Helse
true

Steriliseringar (opphørt)2003

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Flest steriliserer seg som 38-åringar

38-åringane er dei som oftast steriliserer seg. I 2003 vart det i Noreg utført 4 779 steriliseringar, 3 155 på menn og 1 624 på kvinner.

Sidan vi ikkje har tal frå Akershus for 2002, er det vanskeleg å samanlikne, men det statistiske biletet ser ganske stabilt ut. Den store skilnaden frå 2001 kjem av auken i eigendelar for behandlinga.

Steriliseringar fordelte på alder og kjønn. 2003

Stor skilnad i aldersgrupper

Det er framleis aldersgruppa 35-39 år som oftast steriliserer seg. Av dei 3 155 mennene som steriliserte seg i 2003, var 1 031 i denne aldersgruppa. For kvinner var talet 611 i den same aldersgruppa av totalt 1 624 steriliseringar. For begge kjønn var 38 år den alderen dei fleste lot seg sterilisere.

Fylkesvise skilnader

Fordelinga etter fylke byggjer på kor steriliseringa vart utført og ikkje på bustadfylket til den steriliserte. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkommande bur. Ein kan også sjølv velje behandlande sjukehus. Fylkestala for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere noko misvisande.

Gruppert etter behandlingsfylke, vart det utført flest steriliseringar på menn i Hedmark og Vest-Agder sett i høve til folketalet. Blant kvinner var det Aust-Agder og Telemark som hadde flest steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i 2003.

Tabeller: