13449_om_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/bave_statres/aar
13449_om
statistikk
2007-10-25T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
false

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2006

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Statleg barnevern - StatRes (opphørt)
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For definisjonar av gjennomgåande og meir overordna omgrep i StatRes sjå Ordforklaringar på hovudsida til StatRes.

Eigenproduksjon.

Eigenproduksjon omfattar lønnskostnadar og kjøp av varer og tenester som inngår i statleg produksjon. Kjøp av varer og tenester omfattar blant anna lokaleleie, strøm, maskiner, utstyr og vedlikehald som ikkje blir klassifisert som investeringar.

Lønnskostnadar.

Omfattar alle utgifter til lønn som knyt seg til rolla som arbeidsgivar. Refundert lønn frå folketrygda for sjukefråvær og fødsels- og adopsjonspengar er trekt frå driftsutgiftene slik at tala ikkje skal bli blåst opp. For Oslo trekk ein også kompensasjon for påløpt mva. frå utgiftene.

Investeringar.

Investeringar i barnevernet dreier seg i stor grad om bilar til barnevernsinstitusjonane.

Overføringar

. Overføringar i StatRes barnevern omfattar overføringar til kommunar og til private aktørar i barnevernet. Eksakt kva type overføring det er snakk om er avhengig av under kva for eit tiltak overføringane vert ført.

Overføring til kommunar.

Overføring til kommunar er utgifter ført under statsrekneskapens 60-konto. Under tiltaket fosterheimar er overføringar til kommunar refusjonar til kommunar for utlegg som overstig eigenandelen. Under tiltaket hjelpetiltak i heimen er overføringar til kommunar refusjonar for utlegg til miljøbaserte tiltak.

Overføringar til private.

Overføringar til private er henta frå statsrekneskapens 22-konto for Bufetats regionar, og frå funksjonsinndelinga i rekneskapane til regionane og Oslo.

Overføringar til private under barnevernsinstitusjonar er statens kjøp av plassar frå private barnevernsinstitusjonar.

Overføringar til private under fosterheimar er statens kjøp av private fosterheimstenester.

Overføringar til private under omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er kjøp av plasser frå private institusjonar og omsorgssenter.

Totale utgifter.

Totale utgifter omfattar eigenproduksjon, investeringar og overføringar.

Godtgjering/lønn til fosterheimar.

Staten utbetaler godtgjering til fosterheimsforeldre. Arbeidsgodtgjering blir skattlagt som lønn, og av dette beløpet skal det betalast arbeidsgjevaravgift.

Utgiftsdekning til fosterheimar.

Fosterforeldre får i tillegg til arbeidsgodgjering eit tillegg til dekning av utgifter. Blant anna skal desse tillegga dekkje bustad, straum, matvarer, klede, hygiene, sport, leik og fritid og hushaldsartiklar ut over det barnet skal ha ved start av plasseringa.

Tiltaka i det statlege barnevernet:

Barnevernsinstitusjonar omfattar både offentlege og private institusjonar. Med fosterheimar i statleg regi meiner ein til dømes fosterheimar med forsterkning, familieheimar, beredskapsheimar, ungdomsfamiliar og § 4-27-plasseringar. Heimebaserte tiltak er tiltak som til dømes familierettleiing, multisystemisk terapi (MST) og «Parent Management Training Oregon» (PMTO). MST og PMTO er spesialiserte behandlingsopplegg for å hjelpe barn og familiar.

Barn, opphald og opphaldsdagar:

Merk at eit barn kan ha fleire opphald i ulike barnevernstiltak, og at eit opphald kan strekkje seg over fleire opphaldsdagar.

Avtalte årsverk eksklusive lange fråvære:

Avtalte årsverk: Tilsette i referanseveka som er tredje veka i november der den avtalte arbeidstida for veka er rekna om til heiltid. Storleiken er av formidlingsomsyn beskrive som årsverk, sjølv om det berre gjeld ei veke og referanseveka ikkje er representativ for heile kalenderåret.

Fråvære målt i årsverk, dvs. legemeldt sjukefråvære og foreldrepermisjon

Avtalte årsverk eksklusive lange fråvære: Avtalte årsverk korrigert for tapte årsverk på grunn av legemeldt sjukefråvære og fødselspermisjon

Utdanning:

Det er to kjelder som gjev informasjon om personar med helse- og sosialfagleg utdanning. Den eine er Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH) sitt Helsepersonellregister (tidlegare Helsetilsynets autorisasjonsregister). Den andre kjelda er Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). I registerbasert personellstatistikk kombinerast opplysingane frå desse registra. For personar utan helse- og sosialfagleg utdanning, vert utdanninga henta frå SSB sitt register over Befolkninga sitt utdanningsnivå.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Følgjande fylke inngår i regionane:

Region nord : Finnmark, Troms, Nordland

Region Midt-Noreg : Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal

Region vest : Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland

Region sør : Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud

Region øst : Oppland, Hedmark, Akershus, Østfold

Oslo kommune er ikkje inkludert i Region øst men har status som eigen region. Trondheim kommune deltok i forsøket med oppgåvedifferensiering frå 2004 til 1.7.2008 og var då eigen region. Frå 1.7.2008 inngår Trondheim kommune i Region Midt-Noreg.

Kor ofte og aktualitet

Årleg publisering av indikatorar for statleg barnevern i StatRes.

.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Data frå innsamlingane blir lagra hos den enkelte fagseksjon i SSB.

Data blir samla inn på vegne av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Overlevering av data utover det som er publisert skjer etter avtale inngått mellom gjeldande departement og seksjon i SSB.

Datafiler som har gått gjennom koplings- og omkodingsprogram blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Det statleg regionale barnevernet inngår i StatRes – statleg ressursbruk og resultat. Føremålet med StatRes er å visa kor mykje ressursar staten nyttar, kva ressursinnsatsen gjev av aktivitetar og tenester i dei ulike statlege verksemdene; og kva ein kan sjå som resultat av ressursinnsatsen. Målet er å gje befolkninga og styresmakta betre kunnskap om staten si verksemd.

StatRes blei starta som prosjekt i 2005, og første publisering var i oktober 2007. StatRes blei utvikla i samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet som også finansierte deler av utviklinga.

Barnevernet var til og med rapporteringsåret 2003 underlagt fylkeskommunane, og blei rapportert og publisert i KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Staten overtok ansvaret for barnevernet frå fylkeskommunane frå 1. januar 2004.

Brukarar og bruksområde

Målgruppa for StatRes er statistikkbrukarar som har noko kjennskap og interesse for statleg verksemd frå før, og som av ulike grunnar har interesse av eller behov for informasjon om kor mykje ressursar staten brukar, kva ressursinnsatsen gjev av aktivitetar og tenester i dei ulike statlege verksemdene; og kva ein kan sjå som resultat av ressursinnsatsen. Dette kan vere interesserte velgjarar og skattebetalarar, media, politikarar, skuleelevar eller studentar. Det er også eit mål at StatRes skal kunne gje befolkninga informasjon som utfyller den informasjonen som blir nytta i den daglege styringa av dei ulike statlege verksemdene.

Samanheng med annan statistikk

SSB publiserer i dag 3 statistikkar på barnevernsfeltet:

StatRes barnevern som dekkjer den statlege delen (http://www.ssb.no/bave_statres/)

Kostra barnevern som dekkjer den kommunale delen (http://www.ssb.no/barneverng/)

Institusjonsstatistikken som dekkjer barnevernsinstitusjonane (http://www.ssb.no/barneverni/)

Den individbaserte statistikken frå kommunane er ein meir detaljert statistikk enn StatRes og omfattar i tillegg til det statlege barnevernet også det kommunale barnevernet. I StatRes er populasjonen avgrensa til Statsforvaltninga. Rekneskapstala som blir publisert i StatRes inngår også i SSBs ordinære publisering av Offentleg forvaltning sine inntekter og utgifter.

Lovheimel

Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikkloven) av 16. juni 1989 nr. 54 §§ 2-2 og 3.2. Lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 §§ 2-3 Statlige barnevernmyndigheters oppgaver og myndighet og 2-3a Særskilte bestemmelser for Oslo kommune.

Lovens bestemmelser om statlig regional barnevernmyndighets oppgaver og myndighet kommer ikke til anvendelse i Oslo kommune. I Oslo kommune skal statlig regional myndighets oppgaver og myndighet ivaretas av kommunen.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Barnevernsdata blir henta inn frå dei fem regionane og frå Oslo kommune.

Populasjonen er fastsett til å omfatte:

- All verksemd i det statleg regionale barnevernet med unntak av familievern. Regionadministrasjonen er inkludert.

- Tala for tiltaket "familieråd" er ikkje inkludert i statistikken

- Frå 2008 overtok Bufetat ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år frå UDI. Utgifter til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar er ikkje inkludert under utgifter til statlege barnevernstiltak, men du finn utgiftene i Statistikkbanken under tiltaket omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar.

- Einslege mindreårige flyktningar er ikkje tatt med under aktiviteter og tenester

- Årsverk knytt til einslige mindreårige flyktningar er tatt med under avtalte årsverk, viss dei er under organisasjonummeret til Bufdir.

- Delen av verksemda ved Barne- og familieetaten i Oslo kommune som har statleg regional barnevernmyndigheit sine oppgåver og myndigheit, samt administrasjonen i Barne- og familieetaten er inkludert. Barne- og familieetaten avklarar avgrensinga av verksemda med SSB for kvar ny årgang.

- Barne- og familiedirektoratet er ikkje inkludert.

- Tiltaket "senter for foreldre og barn" er frå og med 2012 inkludert under barnevernsinstitusjonar

Datakjelder og utval

Tenesterapportering skjer ved bruk av elektroniske skjema. Rekneskapsdata for dei fem regionane blir rapportert som filuttrekk frå regionane sine rekneskapssystem. Oslo kommune rapporterer sitt rekneskap som før via KOSTRA.

Personell:

Frå og med statistikkåret 2008 er kjelda til data om personell henta frå registerbasert personellstatistikk.

SSB sin registerbaserte personellstatistikk er basert på individbaserte registerdata frå fleire register. Informasjon om lønnstakarforhold blir henta frå Arbeidstakarregisteret (NAV) og Lønns- og trekkoppgåveregisteret (Skattedirektoratet), samt andre lønnsregister. Einingsregisteret gjev opplysingar om næring og sektor for føretak og underliggande verksemder. I tillegg vert NAV sine register over personar på arbeidsmarknadstiltak, fødselspengemottakarar og kontantstøttemottakarar nytta, samt SSB sitt register over legemeld sjukefråvær. Datagrunnlaget er altså basert på ei rekke ulike kjelder, og det er bygt opp eit system i SSB for ei samla utnytting av desse.

Statistikken byggjer på oppgåver frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR) som rapporterer inn tenestetall for dei fem regionane i Barne- ungdoms- og familieetaten (BUFETAT).  Oppgåvene inneheld summariske opplysningar om kor mange klientar, opphald og opphaldsdagar som er registrert for ulike kategoriar av tiltak ved dei statlege barnevernskontora (Bufetat). Innsamlinga skjer ved årleg innsending av eit elektronisk skjema. Oslo kommune rapporterer også sine tenestedata ved innsending av elektroniske skjema.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data blir kontrollerte før innsending ved kontrollar integrerte i dei elektroniske skjemaa og kontrollprogram for filuttrekk. For rekneskap blir det gjort konsistenskontrollar mot statsregnskapet etter mottak i SSB.

Einingskostnader

SSB publiserer utgifter per opphaldsdag for dei ulike tiltaka i det statlege barnevernet. Einingskostnader er rekna ut for dei ulike tiltaka med å ta eigenproduksjon + overføringar til private delt på opphaldsdagar.

For tiltaka statlege barnevernstiltak i alt, hjelpetiltak i heimen og fosterheimar blir utgifter per opphaldsdag publisert uavhengig av om leveransen av tenesta er frå statlege eller private. Under barnevernsinstitusjonane publiserer SSB både utgifter per opphaldsdag for statlege institusjonar, og utgifter per opphaldsdag dersom staten kjøper plassane frå private institusjonar. Utrekninga for desse to indikatorane er gitt under:

Utgifter per opphaldsdag i statlege barnevernsinstitusjonar:

Eigenproduksjon / opphaldsdagar i statlege barnevernsinstitusjonar

Utgifter per opphaldsdag ved kjøp frå private barnevernsinstitusjonar:

Overføringar til private / opphaldsdagar i private barnevernsinstitusjonar

Personell:

Kontroll og revisjon av dei mest sentrale registra skjer på følgjande måte: NAV gjennomfører årleg ein årskontroll av arbeidstakarregisteret. SSB kontrollerer at føretak med fleire verksemder har nummer for kvar verksemd, samt at arbeidstakarar er knytte til riktig verksemd

. Avtalte årsverk eksklusive lange fravær er beregnet som summen av heiltidsjobbar (arbeidsforhold) og deltidsjobbar rekna om til heiltidsjobbar. Årsverk tapt på grunn av legemeld sjukefråvær og foreldrepermisjon er trukke frå. Talet på avtalte årsverk eksklusive lange fråvær vil ikkje være identisk med dei faktisk utførte årsverka sidan statistikken ikkje fanger opp overtid, eigenmeld sjukefråvære, ferie og andre avvik frå avtalt arbeidstid, utover legemeld sjukefråvære og foreldrepermisjonar.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Tidlegare fylkeskommunalt barne- og familievern blei overtatt av staten frå 1. januar 2004.

På grunn av at data no blir rapportert på regionsnivå i staden for på fylkesnivå, vil ein få eit tidsseriebrot frå 2004. Data på fylkesnivå frå tida før 2004 er framleis å finna i KOSTRA.

Saman med det første publiseringsåret for statistikken (2004-publiseringa) vil tenestedata for 2003 være aggregert opp på regionnivå. For Region midt-Noreg vil denne samanlikninga være misvisande for barnevernet, då Trondheim ikkje er inkludert i regionen.

For rekneskapsdata vil det bli tidsseriebrot på grunn av forskjellige føringsprinsipp i statlege og kommunale rekneskap (høvesvis kontantprinsippet og anordningsprinsippet). Rekneskapsomgrepa for statleg regionalt barnevern er ikkje heilt identisk med omgrepa som blir nytta i KOSTRA, og kan dermed gje svakare samanlikningsgrunnlag mellom nøkkeltala for regionane og kommunane.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Rekneskap:

Det er mogleg at kontoplanen vert tolka ulikt av ulike rapportørar, og det kan føre til skeivskapar. Dette gjeld særleg kva som vert ført som drift av bygningar og utstyr og kva som vert ført som investeringar. Det er ikkje sannsynleg at det er stor grad av feilføring, og innverknaden på tala bør vere liten.

Regionane fører sine rekneskap etter kontantprinsippet, medan Oslo følgjer anordningsprinsippet. Samanlikning av einingar med ulike rekneskapsprinsipp må gjerast med ei viss varsemd.

Personell:

Datakvaliteten på dei aller minste og mest sporadiske arbeidsforholda vil vere dårlegare enn for arbeidsforhold som er innmelde til Arbeidstakarregisteret. For personar som er definert som sysselsette og lønnstakarar berre på grunn av opplysningar frå Lønns- og trekkoppgåveregisteret, er arbeidsforholda ikkje daterte. Dette var 6 prosent av avtalte årsverk eksklusive lange fråvære i regionane i 2008. For rundt halvparten av denne massen vert det henta inn informasjon frå andre register for å tidfeste arbeidsforholdet. For dei resterande leggjast informasjon om størrelse på lønn til grunn for om ein person blir rekna som sysselsett. Det er altså knytt ei viss usikkerheit til om alle LTO-arbeidsforholda faktisk var aktive på referansetidspunktet for personellstatistikken (tredje veke i november).