13000_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/tpiikt/arkiv
13000
Liten prisauke på tele- og datatenester
statistikk
2010-06-01T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Teknologi og innovasjon
no
tpiikt, Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon, prisutvikling, tenesteprisindeks, telekommunikasjonstenester, bedriftsmarknad, privatmarknad, datakonsulenttenester, konsulentprisar etter kompetansenivå (for eksempel programmerar, IT-arkitekt, prosjektleiar)Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Produsent- og engrosprisindekser, Teknologi og innovasjon, Priser og prisindekser
false

Prisindeksar for informasjon og kommunikasjon1. kvartal 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten prisauke på tele- og datatenester

Prisane for datakonsulenttenester gjekk opp med knappe 0,7 prosent frå 4. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010, medan prisane for telekommunikasjonstenester var tilnærma uendra.

Prisindeksar innan informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2006-1. kvartal 2010. 2006=100

Tenestene innanfor telekommunikasjon og datakonsulentverksemd viste ein liten prisoppgang på høvesvis 0,1 og 0,7 prosent frå førre kvartal. For telekommunikasjonstenester gjekk indeksen for private kundar ned med 0,3 prosent frå 4. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010, medan prisane for bedriftskundar auka med 0,7 prosent.

Frå 1. kvartal 2009 til 1. kvartal 2010 steig prisane på datakonsulenttenester med berre 0,2 prosent, medan det for telekommunikasjonstenester vart målt ein prisnedgang på 1,4 prosent.

Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon. 1. kvartal 2010. 2006=100. Endring frå same kvartal året før og frå førre kvartal. Prosent
Næring Prisindeks 1. kvartal 2010 Endring frå førre kvartal. Prosent Endring frå same kvartal året før. Prosent
Telekommunikasjonstenester 87,1 0,1 -1,4
Datakonsulenttenester  110,2 0,7 0,2

Ny publiseringsrutine for tenesteprisindeksar

Denne statistikken er frå og med 1. kvartal 2009 publisert etter ny næringsstandard (SN2007). Tidlegare publiseringar av prisindeks for telekommunikasjonstenester og for datakonsulenttenester vart då slått saman til ei publisering. Etter krav frå Eurostat er ny felles referanseperiode for tenesteprisindeksane teke i bruk frå og med publiseringa 1. kvartal 2009, med 2006=100. Indeksen for datakonsulenttenester er justert i alle tabellar.