13116_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13116
Liten prisauke for godstransporten
statistikk
2008-02-28T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks4. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Liten prisauke for godstransporten

Prisane på godstransport på veg auka med 0,9 prosent frå 3. til 4. kvartal i fjor. Prisveksten sidan 4. kvartal 2006 har vore 6,0 prosent.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa, samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar.

Prisauken i totalindeksen i næringa i dette kvartalet er den lågaste sidan 1. kvartal 2006, og det kjem hovudsakleg av låg vekst i ”stykkgods/containergods” der veksten var 0,6 prosent. Sjølv om det har vore ein jamn prisvekst på rundt 1,0 prosent for dei fleste frakttypane, har delindeksane ”Oljeprodukt” og ” Andre væsker eller gassar i bulk” vakse høgare med høvesvis 1,8 og 1,4 prosent frå 3. til 4. kvartal. Samanlikna med same kvartal året før auka ”Andre væsker eller gassar i bulk” og ”Stykkgods/containergods” med høvesvis 6,8 og 7,1 prosentpoeng.

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og anna transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og anna transport

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar. Prosent

Tabeller: