13118_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13118
Moderat prisauke på vegtransport
statistikk
2007-11-26T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks3. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Moderat prisauke på vegtransport

Prisane på godstransport på veg auka med 1,2 prosent frå 2. til 3. kvartal i år. Prisveksten sidan 3. kvartal 2006 har vore 6,7 prosent.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar. Sjølv om det har vore jamn prisvekst mellom dei fleste frakttypane, er årsaka til den totale prisveksten i næringa hovudsakleg veksten i dei tre delindeksane ”tørrgods i bulk”, ”fryste eller kjølte varer” og ”stykkgods/containergods”. Desse indeksane voks med høvesvis 2,2, 1,7 og 1,0 prosent frå 2. til 3. kvartal. Samanlikna med det same kvartalet i året før er det ”tørrgods i bulk” og ”stykkgods/containergods” som har auka mest med høvesvis 9,0 og 8,4 prosentpoeng.

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og anna transport

Tabeller: