13120_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13120
Prisstigning på godstransport
statistikk
2007-09-03T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks2. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisstigning på godstransport

Godstransport på veg har auka i pris med 1,5 prosent frå 1. til 2. kvartal i år. Stykkgods og containergods bidrog framfor alt til auken.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa, samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar.

Den totale prisveksten i næringa kjem hovudsakleg av vekst i dei to delindeksane ”stykkgods/containergods” og ”fryste eller kjølte varer”. Desse indeksane voks med høvesvis 2,2 og 1,3 prosent frå 1. til 2. kvartal. Den samla veksten det siste året for ”stykkgods/containergods” er 9,3 prosent, medan veksten for ”fryste eller kjølte varer” er 6,6 prosent.

Sidan 2. kvartal 2006 har prisane auka med 7,2 prosent.

Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport.

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Total indeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og annan transport

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar. Prosent

Tabeller: