13126_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/gvpi/kvartal
13126
Jamn prisstigning for godstransport på veg
statistikk
2006-12-21T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Transport og reiseliv
no
gvpi, Godstransport på vei, prisindeksLandtransport, Produsent- og engrosprisindekser, Transport og reiseliv, Priser og prisindekser
false

Godstransport på vei, prisindeks2. kvartal 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Jamn prisstigning for godstransport på veg

Ein ny prisindeks for godstransport på veg vert no publisert for første gong med tal frå 4. kvartal 2004 til 3. kvartal 2006. Sidan 4. kvartal 2004 har prisane auka med 6,6 prosent.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks og stykkgods/containergods

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Totalindeks, oljeprodukt og andre væsker eller gassar i bulk

Totalindeksen viser ei jamn utvikling, utan dei store sesongvariasjonane. I løpet av 2005 auka prisane med 2,7 prosent. Det går førebels mot ein større auke i 2006, og hittil i år har prisane vakse med 3,8 prosent. Den største kvartalsvise veksten var på 1,6 prosent frå 2. til 3. kvartal i år.

Indeksen viser prisutviklinga totalt i næringa samt utviklinga for transport av seks ulike frakttypar. Frakt av stykkgods/containergods har hatt den største prisveksten sidan 4. kvartal 2004, med ein auke på over 7 prosent. Delindeksen for oljeprodukt viser dei tydelegaste teikna til eit sesongmønster med prisjusteringar frå 2. til 3. kvartal kvart år.

Ny indeks

Totalindeksen er sett saman av seks delindeksar. Delindeksane viser prisutviklinga for transport av følgjande vareslag: Fryste eller kjølte varer, oljeprodukt, andre væsker eller gassar i bulk, stykkgods/containergods, tørrgods i bulk og annan transport.

Godstransport på veg. Prisutvikling. 2005=100. Total indeks, fryste eller kjølte varer, tørrgods i bulk og annan transport

Vekter. Omsetnad i næringa fordelt på frakttypar

For å setje saman delindeksane til totalindeksen vert omsetnaden i næringa fordelt på frakttypar nytta som vektgrunnlag. Av frakttypane er det stykkgods/containergods som står for den største delen av omsetnaden i næringa, med nesten 45 prosent. Andre væsker og/eller gassar i bulk er den minste frakttypen med 2,4 prosent av den totale omsetnaden.

Tabeller: