Kulturstatistikk

Kva var dei offentlege utgiftene til kultur frå 2006-2010?

Publisert:

SSBs kulturstatistikk er blitt omtalt i media i samband med debatten om offentlege utgifter til kultur - kva viser tala?

Her redegjer SSB for ulike typar utgifter i stat, fylkeskommune og kommune i den aktuelle perioden (sjå meir informasjon om definisjonar og omgrep i boksen nedanfor).

Omgrep og definisjonar - presisering av utgiftsomgrepet

I denne artikkelen blir ”statelege utgifter til kultur” definert som utgifter til kulturformål over Kulturdepartementets budsjett. Når det gjeld fylkeskommunale og kommunale utgifter til kultur, har vi her to typar. Den eine er netto driftsutgifter. Den andre er investeringsutgifter. Siste kategori er i brutto og er ikkje teke med i samanlikninga mellom stat, fylke og kommune i figuren. Årsaka til dette er at driftsutgiftene er i netto og investeringsutgiftene i brutto og at det er store svingingar i investeringsutgiftene som gjer det vanskeleg å samanlikne frå år til år.

Offentlege driftsutgifter til kultur

Ver varsam med samanlikning av tala

Det er fleire grunnar til at ein skal vere varsam med å samanlikne desse tala direkte. For det fyrste er det frå og med 2010, utgifter over Kulturdepartementets budsjett som det blir teke utgangspunkt i, medan det før var Kultur- og kyrkjedepartementet. Sjølv om vi har teke bort postane som gjeld kyrkje, er det ein post som går på administrasjon som til ein viss grad vil svekke ei direkte samanlikning. For det andre har det vore eit systemskifte frå kommune til kommunekonsern i tala frå KOSTRA. Dette betyr at det i tillegg til kommunanes rekneskap blir lagt til rekneskapane til særbedrifter som utfører kommunale oppgåver for kommunen som kommunen elles ville ha utført sjølv. Ved samanlikning må ein også ta omsyn til prisendring og prisjustering. Frå 2006 til 2010 har konsumprisindeksen auka med 9,4 prosent. Ein bør også vera varsam med å leggje saman tala frå stat, fylkeskommune og kommune i og med at ein del av midlane frå staten går til fylkeskommunane og kommunane.

Statlege kulturutgifter

I 2006 utgjorde dei statlege utgiftene til kultur 5,5 milliardar kroner, medan dei utgjorde 7,9 milliardar kroner i 2010. Tek ein omsyn til prisjusteringa, svarar det til ein auke på 1,9 milliardar kroner eller 31 prosent.

Fylkeskommunale kulturutgifter

I 2006 utgjorde dei fylkeskommunale driftsutgiftene til kultur 0,9 milliardar kroner, medan dei utgjorde 1,1 milliardar kroner i 2010. Tek ein omsyn til prisjusteringa, svarar det til ein auke på 0,2 milliardar kroner, eller 18 prosent. Fylkeskommunanes driftsutgifter til kultur utgjorde 1,7 prosent av fylkeskommunanes totale driftsutgifter i 2010. Frå 2006 til 2010 har prosentdelen halde seg stabil mellom 1,7 og 1,8 prosent.

Fylkeskommunane har i tillegg investeringsutgifter til blant anna idrettsanlegg, bibliotek og museum. Dei fylkeskommunale investeringsutgiftene utgjorde 40 millionar kroner i 2006, medan dei utgjorde 60 millionar kroner i 2010.

Kommunale kulturutgifter

I 2006 låg dei kommunale driftsutgiftene på 6,3 milliardar kroner, medan dei utgjorde 8,5 milliardar kroner i 2010. Tek ein omsyn til prisjusteringa, svarar det til ein auke på 1,6 milliardar kroner, eller 23 prosent. Kommunanes driftsutgifter til kultur utgjorde 4,4 prosent av kommunanes totale driftsutgifter i 2010. Frå 2006 til 2010 har prosentdelen halde seg stabil mellom 4,2 og 4,4 prosent.

Ser ein på driftsutgifter til kultur per innbyggjar, er det i KOSTRA (KommuneStatRapportering) ikkje tal på kommunekonsern frå 2006. Men i 2007 var driftsutgiftene på 1447 kroner per innbyggjar og i dei ureviderte tala frå 2011 var driftsutgiftene på 1789 kroner per innbyggjar.

Kommunane har i tillegg investeringsutgifter til blant anna idrettsanlegg, kulturbygg og bibliotek. Dei kommunale investeringsutgiftene utgjorde 2,1 milliardar kroner i 2006, medan dei utgjorde 5,3 milliardar kroner i 2010.

Kontakt