Kulturstatistikk 2010

Fleire kroner til Kulturløftet

Publisert:

Satsinga på Kulturløftet held fram. Nær 18 milliardar kroner gjekk til kultur over dei statlege, dei fylkeskommunale og dei kommunale budsjetta. Dette er ein auke på 8 prosent frå året før, om lag den same prosentvise auken som dei tre tidlegare åra.

Dette går fram av publikasjonen Kulturstatistikk 2010 , som gir tal og opplysningar frå 17 ulike område knytte til kultur.

Dei statlege utgiftene til kultur var på 7,9 milliardar kroner i 2010, ein auke på 6 prosent frå året før. Dei fylkeskommunale utgiftene var 1,1 milliard, medan dei kommunale var 8,5 milliardar kroner. Det er ein auke på høvesvis 10 og 11 prosent.

Fleire bøker, færre aviser

Det vart totalt gitt ut 8 400 bøker i 2010, ein auke på 6 prosent frå 2009. 24 prosent av befolkninga i alderen 9-79 år las ei bok på fritida ein gjennomsnittsdag. Dette er ein nedgang frå det rekordhøge talet på 27 prosent i 2009.

Det samla avisopplaget var på 2,57 millionar i 2010, ein nedgang på 3 prosent frå året før. På den andre sida er det stadig fleire som les avis på Internett. Frå 2009 til 2010 auka delen som las nettavis på ein gjennomsnittsdag, frå 40 til 43 prosent.

Auke i idrettslivet, nedgang i kinobesøket

Det er aukande interesse for å delta i idrettslivet. Det var 1 772 000 ordinære medlemskapar i Noregs idrettsforbund ved utgangen av 2010. Dette er ein auke på 24 prosent dei ti siste åra, og det er det høgaste talet på medlemskapar i same periode.

Det var totalt litt over 11 millionar kinobesøk, ein nedgang på 13 prosent frå 2009. Besøkstalet svarar til 2,3 kinobesøk per innbyggjar. Dette er det same talet på besøk per innbyggjar som i 2007, det lågaste talet på heile 2000-talet. Kinoane forbetrar seg likevel, 38 prosent av kinosalane var digitaliserte ved utgangen av 2010.

Auke i museumsbesøka, nedgang i bibliotekbesøk

Dei norske musea hadde 10,5 millionar besøk i 2010, ein auke på 16 prosent frå 2009. Besøkstalet utgjer nesten 2,2 museumsbesøk per innbyggjar. Delen betalande besøkjande var på 49 prosent i 2010, og er om lag det same som han har vore sidan 2005.

 

Utlån av bøker og andre medium frå folkebiblioteka utgjorde 24,9 millionar utlån i 2010, ein nedgang på litt over 1 prosent frå året før. Det var i gjennomsnitt 4,4 besøk per innbyggjar i 2010. Dette er ein nedgang frå 2009, da snittet var på 4,7 besøk per innbyggjar.

Les meir om dette, scenekunst, arkiv, musikk, radio, livsynssamfunn og annan norsk kultur i Kulturstatistikk 2010 .


 

Kontakt