Kulturstatistikk 2011

Fleire besøker kino, museum og teater

Publisert:

I 2011 hadde kinoane 11,7 millionar besøk, musea hadde 10,6 millionar og institusjonsteatra hadde 1,8 millionar tilskodarar på framsyningane. Rekna frå året før var det ein auke i publikumstala på desse kulturarenaene. Også talet på konsertpublikum auka.

Dette går fram av publikasjonen Kulturstatistikk 2011 som gir tal og opplysningar frå 17 ulike område knytte til kultur.

Det var kinoane som hadde størst auke i besøk - på 6 prosent frå 2010. Om lag 635 000 fleire fann vegen til kinosalen. Til saman blei det 2,4 kinobesøk per innbyggjar i 2011. Norske filmar stod for ein firedel av besøka, det vil seie 2,9 millionar.

Museumsbesøka auka med nær 26 000 frå 2010 til 2011. Besøkstalet utgjorde i gjennomsnitt nesten 2,1 besøk per innbyggjar. Delen betalte besøk var på 54 prosent i 2011 og låg dermed litt høgare enn åra før. Musea forvaltar om lag 49 millionar gjenstandar og fotografi.

Tilskotsteatra hadde nær 11 000 framsyningar, godt over 4 000 av desse var for barn. Auken i talet på tilskodarar var på 25 000, eller 1 prosent frå året før, og dette gav eit totalt tilskodartal på 1,8 millionar i 2011.

Fleire bøker, færre aviser

Det vart totalt gitt ut 12 000 bøker i 2011. Dette er ein svak auke frå 2010. 27 prosent av befolkninga i alderen 9-79 år las ei bok på fritida ein gjennomsnittsdag. Dette er på same høge nivå som i 2009.

Det samla avisopplaget var på 2,5 millionar i 2011, ein nedgang på 3 prosent frå året før. På den andre sida er det stadig fleire som les avis på Internett. I 2011 var det 48 prosent som las nettavis på ein gjennomsnittsdag, i 2010 låg talet på 43 prosent.

Litt fleire besøk i folkebiblioteka

21,8 millionar besøk i folkebiblioteka i 2011 representerer ein svak auke på 1,6 prosent frå 2010. For heile landet ser besøkstala for folkebiblioteka likevel ut til å ha halde seg stabile dei to siste åra, med 4,4 besøk i gjennomsnitt per innbyggjar. Etter ein svak nedgang i dei totale utlånstala inkludert fornyingar i 2010 har utlånstala igjen auka i 2011, med nær 83 000. Det totale utlånet i folkebiblioteka i 2011 var 25 millionar utlån.

og litt fleire er medlemmer i idretts- og friluftslivsorganisasjonar

Det var 1 791 000 ordinære medlemskapar i Noregs idrettsforbund ved utgangen av 2011. Dette er ein auke på nær 20 000 frå 2010. Kjønnsfordelinga i idrettsmedlemskapar held seg stabil, med 60 prosent menn og 40 prosent kvinner. Medlemstalet i dei ulike laga i Friluftslivets fellesorganisasjon auka med nesten 107 000 til 695 000 medlemskapar.

 

Fleire detaljar

Les meir om dette, og om scenekunst, arkiv, musikk, radio, trus- og livssynssamfunn og annan norsk kultur i Kulturstatistikk 2011 .

 

Fleire offentlege kroner til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur låg på 8,6 milliardar kroner i 2011, som er ein auke på 8 prosent frå året før. I gjennomsnitt var dette 1 718 kroner per innbyggjar. Dei fylkeskommunale utgiftene var 1,2 milliardar, medan dei kommunale var 8,9 milliardar kroner. Det er ein auke på høvesvis 8 og 5 prosent. Kommunane brukte 1 790 kroner per innbyggjar.

Kontakt