10393_not-searchable
/helse/statistikker/steril/aar
10393
Færre kvinner steriliserte seg
statistikk
2003-10-03T10:00:00.000Z
Helse
no
steril, Steriliseringar (opphørt)Helseforhold og levevaner , Helse
false

Steriliseringar (opphørt)2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre kvinner steriliserte seg

I fjor vart det i Noreg, med unntak av Akershus, utført 4 570 steriliseringar, 3 093 på menn og 1 477 på kvinner. For landet totalt, med unntak av Akershus, var det ein nedgang på 27 menn og 2 769 kvinner frå 2001.

Talet på steriliseringar per 1 000 innbyggjarar har gått ned blant kvinner frå 2001. Blant menn var det små endringar. Frå 1. januar 2002 vart det innført 100 prosent eigenbetaling på sterilisering, 6 079 kroner for kvinner og 1 268 kroner for menn. Eigenbetaling gav ein sterk nedgang i sterilisering av kvinner. Frå 1999 var det fire av 1 000 kvinner som steriliserte seg. I fjor var talet redusert til 1,4 kvinner per 1 000.

Fylkesvise skilnader

Fordelinga etter fylke byggjer på kor steriliseringa vart utført og ikkje på bustadfylket til den steriliserte. Sterilisering er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet si side, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkommande bur. Fylkestala for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere noko misvisande. Ein kan også sjølv velje behandlande sjukehus.

Gruppert etter behandlingsfylke, vart det utført flest steriliseringar på menn i Hedmark og Vest-Agder sett i høve til folketalet. Blant kvinner var det Sogn og Fjordane og Telemark som hadde flest steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i fjor. Den største nedgangen per 1 000 kvinner vart registrert i Nord-Trøndelag, frå 11,7 til 2,1 kvinner.

Vi har ikkje motteke oppgåver over steriliseringar frå Akershus fylke. Landstala som vert presenterte i tabellen under dekkjer difor alle fylka utanom Akershus.

Steriliseringar i heile landet utanom Akershus i
aldersgruppa 15-49 år. 1999-2002
  Tal steriliseringar Tal steriliseringar per 1 000
         Menn        Kvinner        Menn        Kvinner
1999                      3 314 4 242 2,8 4,0
2000 3 085 4 120 2,6 3,9
2001 3 120 4 246 2,8 4,0
2002 3 093 1 477 2,6 1,4

Tabeller: