10397_not-searchable
/helse/statistikker/steril/aar
10397
Færre steriliseringar blant både kvinner og menn
statistikk
2001-10-03T10:00:00.000Z
Helse
no
steril, Steriliseringar (opphørt)Helseforhold og levevaner , Helse
false

Steriliseringar (opphørt)2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre steriliseringar blant både kvinner og menn

I 2000 vart 7 756 personar steriliserte, 3 244 menn og 4 512 kvinner. Dette var 172 færre menn og 209 færre kvinner enn året før.

Steriliseringar per 1 000 kvinner er nærmare halvert frå midten av 1980-talet og fram til 2000. Steriliseringar blant menn har derimot halde seg meir stabilt sjølv om tala viser ein liten auke på 1990-talet for deretter å gå noko ned i 2000.

Det er særleg færre menn mellom 40-44 år som steriliserer seg. Totalt gjekk talet på steriliseringar per 1 000 menn i aldersgruppa ned frå 6,3 i 1999 til 5,6 i 2000. Flest steriliseringar er det hjå menn mellom 35 og 39 år, med ein rate på 6,2.

Blant kvinner finn ein størst steriliseringsrate i aldersgruppa 35-39 år. I 2000 var det 10,7 steriliseringar per 1 000 kvinner i aldersgruppa, ein nedgang frå 11,5 i 1999.

Menn steriliserer seg fyrst etter fylte 25 år, og ein finn menn heilt opp i 72-årsalderen som steriliserer seg. Blant kvinner finn ein at dei fyrste steriliserer seg rundt 20-årsalderen, medan flest steriliserer seg når dei er mellom 30 og 45 år.

Flest steriliseringar i Telemark og Vest-Agder

Fordelinga etter fylke byggjer på kvar steriliseringa vart utført og ikkje på bustadfylket til den steriliserte. Sterilisering er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet si side, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkommande bur. Fylkestal for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere noko villeiande.

Gruppert etter behandlingsfylke er det som tidlegare Telemark og Agder-fylka som melder om flest steriliseringar rekna per 1 000 innbyggjarar i dei aktuelle aldersgruppene. Desse fylka rapporterte om nærmare sju steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i den aktuelle alderen. Østfold hadde den lågaste steriliseringsraten i 2000 med 1,7 per 1 000 innbyggjarar.

Steriliseringar er regulerte ved lov av 3. juni 1977. Personar som har fylt 25 år kan sjølv krevje sterilisering. Personar under 25 år vert steriliserte under visse vilkår, til dømes ved arveleg sjukdom og fare for liv og helse ved svangerskap og fødsel.