10399_not-searchable
/helse/statistikker/steril/aar
10399
Fleire menn over 45 år let seg sterilisere
statistikk
2000-10-11T10:00:00.000Z
Helse
no
steril, Steriliseringar (opphørt)Helseforhold og levevaner , Helse
false

Steriliseringar (opphørt)1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire menn over 45 år let seg sterilisere

I alt 8 177 personar let seg sterilisere i 1999. Av desse var 3 416 menn og 4 761 kvinner. Dette er 279 fleire menn og 79 fleire kvinner enn i 1998.

 Talet på steriliseringar blant menn og kvinner.

 Steriliseringar 1999 fordelt prosentvis på aldersgrupper.

Talet på steriliseringar per år er på veg opp etter 1995, då det var nede i 7 222 tilfelle. Tre av fem som let seg sterilisere i 1999, var kvinner.

Fleire menn over 45

Det er stadig fleire menn over 45 år som veljer sterilisering. I 1999 var auken på 14,2 prosent samanlikna med 1998. Det er likevel aldersgruppa 35-44 år som har flest steriliseringar.

Blant kvinner er det flest steriliseringar i alderen frå 30 til 44 år.

Dei fleste steriliseringane vert utførte poliklinisk. I 1999 vart om lag 2 prosent av mennene og 32 prosent av kvinnene innlagde på sjukehus. Til samanlikning vart vel 36 prosent av kvinnene lagde inn på sjukehus i samband med sterilisering i 1998.

Fordelinga etter fylke byggjer på kvar steriliseringa vart utført, og ikkje på bustadfylke til den steriliserte. Dette er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkomande bur. Fylkestal for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere unøyaktig.

 Antall steriliseringer per 1000 innbyggjarar. 1985-1999

Flest steriliseringar i Telemark og Agder

Gruppert etter behandlingsfylke er det Telemark og Agder-fylka som ligg høgst på steriliseringsstatistikken regna per 1 000 innbyggjarar i den aktuelle aldersgruppa. Dette er det same som 1998. Vestfold har den lågaste steriliseringsraten, med Østfold og Oslo like bak.

Steriliseringar er regulerte ved lov av 3. juni 1977. Personar som har fylt 25 år kan sjølve krevje sterilisering. Personar under 25 år kan verte steriliserte under visse vilkår, til dømes ved arveleg sjukdom og fare for liv og helse ved svangerskap og fødsel.

Tabeller: