10465_not-searchable
/helse/statistikker/speshelserus/aar
10465
Jamn utvikling i rusbehandlinga
statistikk
2007-06-20T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelserus, Spesialisthelsetjenesten, rusbehandlingHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten, rusbehandling2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Jamn utvikling i rusbehandlinga

Medan talet på plassar i rusbehandling held seg på det same nivået som i 2005, vart nokre færre pasientar innskrivne. Til gjengjeld auka talet på opphaldsdøgn med om lag fire tusen. Talet på polikliniske konsultasjonar steig med 25 prosent, og om lag 10 prosent fleire årsverk vart melde.

Tala er gjeve av 91 einingar, og om lag helvta av desse er offentleg eigde. I alt fanst det 1 799 plassar i rusbehandlingssektoren i 2006, om lag 87 prosent av desse er avtaleplassar med eit helseføretak. Totalt 87 168 polikliniske konsultasjonar vart registrerte i 2006, mot 69 655 året før. Auken kan truleg forklarast med betre rapporteringsrutinar.

Nokre avvik i summane kan ha si årsak i manglande evne til rapportering. Sjå også "Om Statistikken" for ei vurdering av datakvaliteten.

Tabeller: