37926_not-searchable
/helse/statistikker/speshelsepsyk/aar
37926
Meir kvalifisert personell - fleire polikliniske konsultasjonar
statistikk
2004-09-02T10:00:00.000Z
Helse
no
speshelsepsyk, Spesialisthelsetjenesten, psykisk helsevernHelsetjenester, Helse
false

Spesialisthelsetjenesten, psykisk helsevern2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir kvalifisert personell - fleire polikliniske konsultasjonar

Dei viktigaste utviklingstrekka i psykisk helsevern i 2003: Talet på årsverk auka frå 17 923 til 18 293. Det vart gjennomført nesten 1 million polikliniske konsultasjonar, ein auke på vel 17 prosent frå året før. Talet på døgnplassar er redusert med 118 til 5 633 i 2003.

Psykisk helsevern for vaksne

I 2003 var den relative personellveksten på i underkant av 2 prosent innanfor psykisk helsevern for vaksne. Dette var ein lågare vekst enn dei to føregåande åra. Men veksten var sterkare for det vi kallar kvalifisert personell definert som universitets- eller høgskoleutdanna personell. Det vil seie følgjande grupper: legar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, samt pleie- og terapipersonell med høgskoleutdanning som sosionomar, fysioterapeutar, miljøterapeutar. Innanfor psykisk helsevern for vaksne var det i 2003 ein auke i alle desse gruppene av kvalifisert personell, med størst relativ vekst for legar og psykologar med nær 8 prosent. Talet på sjukepleiarar og vernepleiarar auka med over 6 prosent og pleie- og terapipersonell med i underkant av 5 prosent. Det var ein nedgang i resterande personell som inkluderar hjelpepleiarar, helse- og omsorgsarbeidarar, pleie- og terapipersonell utan høgskole, samt administrativt personell.

Den sterke veksten i polikliniske konsultasjonar heldt fram i 2003 med 15 prosent auke til om lag 710 000 rapporterte konsultasjonar. Denne utvidinga av det polikliniske tilbodet skjedde samtidig med at døgnbehandlinga vart bygd ned og endra. Det vart i løpet av 2003 138 færre døgnplassar, ved utgangen av året var det 5 296 døgnplassar for vaksne. Lengda på døgnopphalda blir stadig kortare. I 2003 var det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar på 42 døgn. Til samanlikning var det i 1990 123 døgn og i 2000 56 døgn per utskriving.

Psykisk helsevern for barn og unge

I psykisk helsevern for barn og unge er òg trenden at stadig fleire av årsverka blir utførde av kvalifisert personell. Den sterke veksten av psykologar som vi såg i 2002 heldt fram, med 37 fleire psykologar i 2003 enn i 2002. Den sterkaste relative veksten var det av sjukepleiarar, med om lag 12 prosent auke. Det var i Helseregion Sør vi såg den sterkaste veksten av personell, over 14 prosent meir personell knytt til psykisk helsevern for barn og unge i 2003. Det var òg vekst i dei andre regionane med unntak av Helseregion Øst, der talet på tilsette var nokså stabilt frå 2002 til 2003.

Det mest positive utviklingstrekket for psykisk helsevern for barn og unge er at det i 2003 vart heile 25 fleire døgnplassar. Etter år der talet på døgnplassar har gått opp og ned mellom 310 og 316, vart det i 2003 opna fleire nye døgnavdelingar og det er no 337 døgnplassar for barn og unge. Det var ein auke i plassar i alle regionar forutan Helseregion Nord. Den beste dekninga av plassar har Helseregion Øst med 0,4 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar under 18 år, fulgt av Helseregion Nord med 0,3. Dei tre andre helseregionane har ei dekning på 0,2 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i målgruppa.

Eit anna svært positivt trekk i 2003 er at det vart gjennomført nesten 53 000 fleire polikliniske konsultasjonar, ein auke på 24 prosent frå året før. Den høgaste relative veksten var i Helseregion Øst. Den viktigaste årsaka til auken er nok meir behandlarpersonell, men vi må òg ta med betre registreringsrutinar som forklaringsfaktor. I tillegg kjem sterke krav til effektivitet som gjer det endå viktigare å gå bak tala for å sjå om effekten av denne veksten er at alle barn og unge som har behov for det får behandling av tilfredstillande kvalitet.

Bruk av paragraf ved innleggingar

Delen av innleggingane av døgnpasientar som er frivillige etter § 2-1 og 2-2 var stabilt på 76 prosent i 2002 og 2003. Dei innrapporterte tala syner ingen store svingingar i bruken av tvang ved innlegging i døgninstitusjonar.

Psykisk helsevern. 1990-2003. Nøkkeltal
  1990 1995 2000 2001 2002 2003
Døgnplassar 8 011      6 667      6 091      5 821      5 751      5 633
Døgnplassar i psykisk helsevern for vaksne 7 745 6 384 5 781 5 505 5 439 5296
Døgnplassar i psykisk helsevern for barn og unge  266  283 310  316 312 337
Opphaldsdøgn i 1 000 32 603 32 148 1 942 1 862 1 845 1 792
Utskrivingar 21 242 26 113 34 969 436 550 38 163 42 295
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar 3123 382 56 51 48 42
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 396 611  696  736  838  982
Polikliniske konsultasjonar1, psykisk helsevern for vaksne i 1 000 272 429  528  555  618  710
Polikliniske konsultasjonar1, psykisk helsevern for barn og unge i 1 000 124 181 169  181  219  272
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar 92 140 156  163  185 215
Sum årsverk2 14 469 14 806 16 554 17 203 17 923 18 293
Sum årsverk2, psykisk helsevern for vaksne 12 980 13 010 14 147 14 592 15 058 15 325
Sum årsverk2, psykisk helsevern for barn og unge 1 490 1 796 2 407 2 611 2 866 2 968
Sum legeårsverk2 psykisk helsevern  741  886 1 141 1 225 1 220 1292
Sum psykologårsverk2 psykisk helsevern  606  834 1 182 1 244 1 409 1525
Sum sjukepleiarårsverk2 psykisk helsevern 3 309 3 857 4 660 4 909 5 018 5316
1  Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra.
2  årsverk er talet på heiltidstilsette pluss talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) per 31. desember. Overtid er ikkje rekna med.
3  Korrigert 19. september 2001.
4  Korrigert 26. mai 2003.

Les òg: Spesialisthelsetjenesten, 2003

Tabeller: