Sosiale og regionale skilnader i tannhelsetilstand og tannlegetenester

Mange faktorar påverkar tannhelsa

Publisert:

Den eigenvurderte tannhelsa, tannstatusen, bruken av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege i den vaksne befolkninga varierer etter fleire sosiale og regionale kjenneteikn. Kven du er, og kor du bur, ser ut til å ha innverknad på tannhelsa så vel som på bruken av tenester blant dei i alderen 21 år og eldre.

Dette er dei generelle slutningane som ein kan trekkje på bakgrunn av analysane som SSB presenterer i ein ny rapport om tannhelsetilstand og tannlegetenester . Rapporten kan elles med fordel sjåast i samanheng med rapporten Tannhelse. Personell og kostnader, tannhelsetilstand og tannlegebesøk som SSB har publisert tidlegare.

Sosioøkonomiske og regionale faktorar har påverknad

Det er liten tvil om at både kjønn og alder er kjenneteikn som er viktige å ta omsyn til når forskjellar i tannhelse og tenestebruk i befolkninga skal studerast. Resultata frå analysane som er gjennomførte, viser då også at særleg alder er ein faktor som har ein sjølvstendig påverknad, til dømes når det gjeld ulike mål for tannhelse.

Samstundes viser resultata at både sosioøkonomiske faktorar som utdanning, inntekt og mottak av stønader, samt regionale faktorar som landsdel, bustadstrøk og ulike mål for personelldekning, har betyding for høvesvis den eigenvurderte tannhelsa, tannstatusen, tenestebruken og eigenbetalinga.

Kva for samanhengar er påviste?

Det er viktig å understreke at føremålet med analysane har vore å påvise statistisk sikre empiriske korrelasjonar mellom på den eine sida dei sosioøkonomiske og regionale faktorane som inngår i analysemodellane, og på den andre sida dei tannhelsefenomena som er studerte. Dette fell innanfor det som ofte blir omtalt som prediksjonsanalyse, kor målet er å kunne føreseie kva for ein verdi einingar har på den avhengige variabelen (til dømes eigenvurdert tannhelse) på bakgrunn av kjennskap til verdiane deira på den uavhengige variabelen (til dømes inntekt).

Innanfor dette føremålet har analysane vist følgjande:

Eigenvurdert tannhelse

  • Det å ha høg alder, låg inntekt, vere mottakar av stønader og det å bu i Nord-Noreg er alle faktorar som aukar sannsynet for å ha dårleg eigenvurdert tannhelse, medan det å ha høg utdanning reduserer sannsynet for å ha dårleg eigenvurdert tannhelse.
  • Det å ha låg utdanning og det å ha høg utdanning aukar sannsynet for å ha god eigenvurdert tannhelse, medan det å vere mann, ha låg inntekt, vere mottakar av stønader, vere busett i spreiddbygde strøk og det å bu i Nord-Noreg er faktorar som reduserer sannsynet for å ha god eigenvurdert tannhelse.

Eigenvurdert tannhelse

I levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt i 2008 er den eigenvurderte tannhelsa kartlagt gjennom spørsmålet: ” Hvordan vurderer du din tannhelse ? Vil du si den er meget god , god , verken god eller dårlig , dårlig eller meget dårlig ?”. I analysen av eigenvurdert tannhelse er nokre av svarkategoriane slått saman. Dei som svarte " meget god " eller " god ", blei definerte som personar med god tannhelse, medan dei som svarte " dårlig " eller " meget dårlig ", blei definerte som personar med dårleg tannhelse.

 

  Tannstatus

  • Det å ha høg alder, låg utdanning, vere mottakar av stønader, vere busett i Nord-Noreg og ha låg tannlegedekning i privat tannhelseteneste, er alle faktorar som aukar sannsynet for å ha dårleg tannstatus, medan høg utdanning reduserer sannsynet.
  • Det å ha høg utdanning aukar sannsynet for å ha god tannstatus, medan det å ha høg alder, låg inntekt, vere mottakar av stønader, vere busett i spreiddbygde strøk og det å bu i Nord-Noreg er faktorar som reduserer sannsynet for god tannstatus.

Tannstatus

I levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt i 2008 er den eigenrapporterte tannstatusen kartlagt ved hjelp av spørsmålet: ” Omtrent hvor mange av dine egne tenner har du igjen ? Har du 20 eller flere , 10 - 19 , 1 - 9 eller ingen ?”. I analysen av tannstatus er to av svarkategoriane slått saman. Dei som svarte " 20 eller flere ", blei definerte som personar med god tannstatus, medan dei som svarte ” 1 - 9 eller ingen ” (under 10), blei definerte som personar med dårleg tannstatus.

 

  Bruk av tannlegetenester

  • Det å vere mann, ha låg utdanning, låg inntekt, bu i spreiddbygde eller tettbygde strøk, og det å vere busett i Nord-Noreg er faktorar som aukar sannsynet for å gå sjeldan til tannlege, medan det å ha høg utdanning reduserer sannsynet for å gå sjeldan til tannlege.
  • Det å ha høg alder og høg utdanning aukar sannsynet for å gå ofte til tannlege, medan det å vere mann, ha låg utdanning, låg inntekt, vere busett i spreiddbygde eller tettbygde strøk, bu i Nord-Noreg og ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste er faktorar som reduserer sannsynet for å besøke tannlege ofte.

Bruk av tannlegetenester

I levekårundersøkinga om helse, omsorg og kontakt i 2008 er bruk av tannlegetenester kartlagt gjennom spørsmålet: ”Når var du sist hos tannlege? Var det 6 måneder siden eller mindre, 7-12 måneder siden, 1-2 år siden (13-24 måneder), mer enn to år, men mindre enn fem år eller mer enn 5 år?”. I analysen av tannlegekonsultasjonar er nokre av svarkategoriane slått saman. Dei som svarte " 6 måneder siden eller mindre ” og ” 7 - 12 måneder siden ", blei definerte som personar som går ofte til tannlegen (siste 12 månader), medan dei som svarte " mer enn to år , men mindre enn fem " og " mer enn fem år ", blei definerte som personar som går sjeldan til tannlege (meir enn 2 år sidan).

  Eigenbetaling hos tannlege

  • Det å ha høg alder og det å vere mottakar av stønader aukar sannsynet for høg eigenbetaling, medan det å ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste reduserer sannsynet for høg eigenbetaling.
  • Det å ha låg utdanning, vere busett i spreiddbygd strøk, og ha låg tannhelsepersonelldekning i privat tannhelseteneste aukar sannsynet for låg eigenbetaling, medan det å ha høg alder og det å vere mottakar av stønader reduserer sannsynet for låg eigenbetaling.

Eigenbetaling hos tannlege

I levekårundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt i 2008 er eigenbetaling hos tannlege kartlagt gjennom spørsmålet: ” Angi nøyaktig som mulig hvor mye du til sammen har betalt hos tannlegen i løpet av de siste 12 måneder ”. Spørsmålet blei stilt til dei som opplyste at dei sist hadde vore hos tannlege i løpet av dei siste 12 månadane. I analysen av eigenbetaling hos tannlege er det to grupper det er fokusert på. På den eine sida er det dei som har betalt under 2 000 kroner (låg eigenbetaling), på den andre dei som har betalt over 10 000 kroner (høg eigenbetaling).

  

Korleis kan ein tolke dei påviste samanhengane?

Det er grunn til å tru at det er fleire mekanismar som gjer seg gjeldande i dei analysane som er gjennomførte. Eigenskapar ved individa og eigenskapar ved områda individa er busette i, har sjølvstendige effektar, samstundes som det er eit samspel mellom dei ulike faktorane. Det er også grunn til å understreke at analysemodellane som er nytta, ikkje inkluderer alle faktorar som potensielt har betyding for dei fire tannhelsefenomena som er undersøkte. Faktorane som inngår, er valde ut på bakgrunn av teoriar om samanhengar og funn som er gjort i andre undersøkingar og omtalar.

I forlenginga av dette kan det vere grunn til å sjå administrasjonen og organiseringa av tannhelsetenesta i eit vidare velferdsstatsperspektiv (Esping-Andersen 2006). Tannhelsetenesta er kjenneteikna av ein stor grad av marknadsstyring i form av at så vel tenestetilbodet som prissetjinga av tenester i stor grad er overlatne til aktørar i den private sektoren. Fylkeskommunane skal sørgje for eit tilstrekkeleg og universelt tenestetilbod til innbyggjarane sine, samstundes som den offentlege tannhelsetenesta i fylka skal sikre tenester til prioriterte pasientgrupper, og, dersom det er behov, kunne utføre tenester for betalande vaksne. I praksis er det likevel private tenestetilbydarar og marknaden som i all hovudsak dekkjer tenestebehovet blant dei i den norske befolkninga som er 21 år og eldre.

Det er difor naudsynt å sjå nærare på kjenneteikn ved den private tannhelsetenesta i Noreg og om sjølve organiseringa av tannhelsetenesta her i landet er med på å bidra til å skape, og eventuelt forsterke, dei sosiale og regionale skilnadene analysane har dokumentert.

 

Esping-Andersen, Gösta (2006): Three Worlds of Welfare Capitalism, i Pierson, C. og Francis G. Castles (red.) The Welfare State Reader . Second Edition , s. 160-174, Cambridge: Polity Press

 

Kontakt