Rapporter 2006/9

Eldre i arbeidslivet

I 2005 arrangerte Arbeids- og sosialdepartementet eit seminar i samanheng med utarbeiding av ei melding om seniorpolitikk. Rapporten byggjer på eit foredrag frå dette seminaret, som skulle gi departementet grunnleggjande informasjon om arbeidsmarknaden for eldre, - både eit situasjonsbilete og ei kartlegging av utviklingstrekka i yrkesdeltakinga.

Rapporten skildrar yrkesdeltakinga i aldersgruppa 55-74 år frå 1972 til 2004. Dette blir sett i samanheng med korleis storleiken på aldersgruppa har endra seg over tid. For 2004 er det ei kortfatta, men brei skildring av sysselsetjing og ønske om arbeid blant eldre.

Rapporten bruker hovudsakleg Arbeidskraftundersøkingane (AKU) som datakjelde. AKU er basert på intervju av eit representativt utval av befolkninga. I tillegg blir også registerbasert sysselsetjingsstatistikk brukt som kjelde for detaljerte tal.

Yrkesdeltakinga blant menn, 55-74 år, har gått ned frå 1972 til 2004. Nedgangen var størst fram mot midten på 1990-talet. For eldre kvinner syner yrkesdeltakinga tvert imot ein viss auke. Fordi talet på eldre i befolkninga har vakse mykje dei siste åra, er det i dag om lag like mange eldre på arbeidsmarknaden som i 1972.

Noreg har i forhold til folketalet mange eldre i arbeid, samanlikna med andre europeiske land. Om lag 65 prosent av alle personar i alderen 55-64 år var sysselsette i 2004, jamført med eit gjennomsnitt i EU på 40 prosent.

Yrkesdeltakinga går gradvis ned frå 55 år, men fell først markert frå 61 år, syner tal for 2004. Utdanning betyr mykje for yrkesdeltakinga i heile aldersspennet, men er særleg viktig for dei som nærmar seg pensjonsalderen. Arbeidstida går også først markert ned for dei som er passert 60 år. Mange eldre arbeider deltid. Når ein jamfører med sysselsette under 55 år er det særleg blant eldre menn at deltidsprosenten er høg.

Store næringar med relativt mange eldre sysselsette er jordbruk, undervisning, forlag/grafisk industri og møbelindustri. Typiske yrker med ein høg del eldre er forutan jordbruk og undervisning, kontor- og leiaryrke.

Mange eldre er framleis aktive på arbeidsmarknaden i forhold til kursdeltaking. Utdanningsnivå betyr meir enn alder når det gjeld deltaking på kurs. Eldre sluttar ikkje å bytte jobb, men det er noko færre som gjer det. Medan 9 prosent av alle som var sysselsette i november 2002 og i november 2003 gjekk frå eit føretak til eit anna, var talet 5 prosent for dei mellom 55-59 år og 4 prosent for dei mellom 60-66 år.

Prosjektstøtte : Arbeidet er utført som eit oppdrag for Arbeids- og sosialdepartementet.

Om publikasjonen

Tittel

Eldre i arbeidslivet

Ansvarlige

Ylva Lohne, Helge Nome Næsheim

Serie og -nummer

Rapporter 2006/9

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Sysselsetting

ISBN (elektronisk)

82-537-6956-3

ISSN

0806-2056

Antall sider

22

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt