[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1999

Produksjonsindeks for industrien, april 1999:

Små endringar i industrien


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) viste ein nedgang på 0,3 prosent frå mars til april 1999, når ein ser på sesongjusterte tal. I same periode auka produksjonen i industrien med 0,5 prosent. Hovudbidraget til veksten kjem frå verkstadnæringane. Vi gjer merksam på at aktuelle sesongjusterte tal er usikre. Tal for mars er revidert for enkelte industrisektorar.

Produksjonen i industrien var i april 1 prosent høgare enn i tilsvarande månad i fjor, dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk. Det er fortsatt ein høg aktivitet innafor tradisjonell verkstadindustri. Dette heng saman med forholdsvis store ordrereservar. Metallvareindustrien kan vise til ein auke i slike reservar gjennom 1. kvartal i år. Her har produksjonen også hatt ein auke frå mars til april. Dersom ein ser på sesongjusterte tal frå november 1998 til januar 1999 og samanliknar desse med perioden frå februar til og med april 1999, viser det seg at produksjonen innan industrien har vore om lag uendra. Den høge aktiviteten tærer på industriens ordrereservar. Det er kun elektroteknisk og optisk industri som har hatt ein sesongjustert auke sidan november 1998, sjølv om fleire andre næringar har hatt ei positiv utvikling frå mars til april i år. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer skil seg ut med ein klår nedgang, frå eit svært høgt nivå i andre halvdel av 1998.

Nedgang i næringsmiddelindustrien

Produksjonen i nærings- og nytelsesmiddelindustrien viser ein klar sesongjustert nedgang frå mars til april i år. Dette heng saman med sesongsvingingar i fiskerisektoren og ein lågare produksjon av svinekjøt. Sviktande omsetning av meieriprodukt og ein lågare produksjon av mineralvatn har også virka inn på nedgangen.

Tekniske problem i Nordsjøen

Produksjonen i olje- og gassutvinninga gjekk ned med 1,5 prosent frå mars til april, dersom ein samanliknar sesongjusterte tal. Her har tekniske problem på enkelte felt virka inn på dette. Olje- og gassutvinninga var i april 9 prosent lågare enn tilsvarande månad i fjor, dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal.

Reviderte tal for mars

Sesongjusterte tal frå enkelte sektorar må vurderast som usikre. Dette heng mellom anna saman med at påska i år var delt mellom mars og april. Erfaring syner at er det vans-keleg å få presis informasjon om bedriftene sin produksjonsaktivitet i påskeperioden. Problemet ligg i hovudsak i å fastsetje omfanget på ferieavviklinga. Tal for enkeltnæringar i mars er difor revidert i samband med publisering av tal for april. Dette er gjort fordi ein no betre ser kva for verknadar ferieavviklinga i påska har hatt på produksjonen innan enkelte sektorar.

Om statistikken

Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, april 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 23, 1999 [an error occurred while processing this directive]