[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1999

Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1999:

2,4 prosent auke i elektrikarkostnadene


Frå april til mai i år steig dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 2,4 prosent for bustadblokker og 2,0 prosent for einebustader og rekkjehus. Auken kjem av tillegget til elektrikarane ved årets sentrale lønsoppgjer.

Frå april til mai 1999 auka dei totale byggjekostnadene med 0,2 prosent, medan dei totale materialkostnadene steig med 0,1 prosent. Stigninga var om lag den same for alle dei tre bustadtypane.

Auken i dei totale elektrikarkostnadene den siste månaden, gjer at denne delindeksen steig med 6,4 prosent for bustadblokker og 6,2 prosent for einebustader og rekkjehus frå mai 1998 til mai 1999. Auken i dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid i dette tidrommet var noko mindre, med 5,2 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.

Frå mai 1998 til mai 1999 gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 2,6 prosent for bustadblokker, 2,4 prosent for rekkjehus og 2,3 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene steig i denne perioden med 2,5 prosent for bustadblokker, 2,1 prosent for rekkjehus og 2,0 prosent for einebustader.

Om statistikken

Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert òg kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre pris-statistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 23, 1999 [an error occurred while processing this directive]