[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1999

Skattestatistikk for reiarlag, 1997:

Fleire reiarlag innordnar seg nye reglar


1997 var det andre året med nye skattereglar for skipsfarten, og heile 670 aksjeselskap oppfylte kriteria for å kome inn under dei nye reglane. Dette er meir enn ei tredobling frå året før då talet var 213 aksjeselskap.

Dei nye skattereglane for skipsfarten er regulerte etter paragraf 51A i skattelova. Selskap som kjem inn under ordninga her, skal svare skatt av positiv nettofinansinntekt, utbytteinntekt og anna skattepliktig inntekt i tillegg til tonnasjeskatt.

Sum skattepliktig inntekt utgjorde i 1997 om lag 480,7 millionar kroner, ein auke frå året før med 366,9 millionar. Utlikna skatt på inntekt til kommune og fylke utgjorde 32,4 millionar kroner medan skatt til Skattefordelingsfondet var på 102,1 millionar. I tillegg kjem tonnasjeskatt, som utgjorde 44,7 millionar kroner i 1997 eller ein auke på 28,1 millionar. Frådrag for godtgjering var på 5,9 millionar. Samla utlikna skatt vert då 173,5 millionar kroner, ein auke på 131,5 millionar frå året før. 492 selskap var i skatteposisjon mot berre 158 i 1996.

Selskap utanfor ordninga

Utlikna skatt for aksjeselskap i skipsfarten utanfor ordninga vart redusert frå 411,9 millionar kroner i 1996 til 268,9 millionar i 1997. Dette kjem i hovudsak av at fleire selskap eller reiarlag har tilpassa seg dei nye skattereglane. Utlikna skatt for reiarlag som er med i ordninga og for reiarlag utanfor ordninga, vart redusert frå 453,8 millionar kroner i 1996 til 442,3 millionar i 1997. Talet på reiarlag utanfor ordninga byggjer på tal for selskap som er skattlagde etter Skattedirektoratet sin skattytargruppe skipsaksjeselskap, i registeret for etterskotspliktige skattytarar.

Kvalifiserande eigneluter

For å kvalifisere for ordninga i dei nye skattereglane må aksjeselskapet ha minst ein kvalifiserande eignelut. Dette kan være skip, innretningar som kan flyttast, del i deltakarlikna selskap, del i NOKUS (Norskkontrollert utanlandsk selskap) eller del i andre aksjeselskap innanfor ordninga.

I 1997 var det 243 aksjeselskap som åtte skip eller flyttbare innretningar direkte. 36 selskap åtte både skip direkte og samstundes delar i andre selskap. Til saman var det 1 004 skip og innretningar som kan flyttast innanfor ordninga. Det var 391 aksjeselskap som ikkje åtte skip direkte, men som hadde eigneluter i andre selskap med skip eller innretningar som kan flyttast. I 1996 var det 111 deltakarlikna selskap innanfor ordninga. I 1997 har dette talet auka til 267 selskap.

For at eit deltakarlikna selskap skal kome inn under ordninga, må alle deltakarane vere norske aksjeselskap innanfor ordninga eller utlendingar utan skatteplikt til Noreg. Dette gjer at alle deltakarane som er skattepliktige til Noreg, er med i tala for aksjeselskap innanfor ordninga.

Reglar ved overgang

Ved innføringa av ordninga vart det laga reglar ved overgangen som skulle gjelde for inntektsåra 1996 og 1997. I 1997 nytta 38 selskap seg av moglegheita til å fisjonere eller fusjonere. 34 selskap vart gjorde om frå personlege selskap til aksjeselskap eller deltakarlikna selskap medan 16 personlege delar vart gjorde om til aksjeselskap. 110 nytta seg av vertikal fisjon og 58 nytta seg av unntaket frå regelen om at vilkåra må ha vore oppfylde gjennom heile året.

Om statistikken

Skattestatistikken for reiarlag byggjer på resultat frå den ordinære skattelikninga for inntektsåret 1997. Opplysningane er henta inn frå Sentralskattekontoret for storbedrifter, som liknar selskapa innanfor ordninga. Statistikken omfattar alle aksjeselskapa som for inntektsåret 1997 vart skattlagde etter dei særskilde reglane i skattelova. Allmenn inntekt og utlikna skattar byggjer på Skattedirektoratet sitt register for etterskotspliktige skattytarar.

NOKUS er ei forkorting for Norskkontrollert utanlandsk selskap, jamfør selskapsskattelova kapittel 7. Fisjon er oppsplitting av selskap, medan fusjon er samanslåing av selskap. Vertikalfisjon er å føre over eigneluter mellom aksjeselskap og deltakarlikna selskap med hovudsakleg same eigarinteresse.

Ny statistikk
Skattestatistikk for reiarlag, 1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon: Trond.Vevle@ssb.no, tlf. 62 88 55 80, eller Per.Morten.Holt@ssb.no, tlf. 62 88 53 21.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 12, 1999 [an error occurred while processing this directive]