[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 2, 1999

Produksjonsindeks for industrien, november 1998:

Små endringar i industriproduksjonen


Industriproduksjonen har auka med 0,3 prosent frå oktober til november, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. I tidsrommet juni til november 1998 har industriproduksjonen vore om lag uendra. Dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal for november med tal for tilsvarande månad i 1997, har det vore eit fall på 0,4 prosent.

Produksjonen i innsatsvareindustrien og konsumvareindustrien var uendra frå oktober til november, justert for normale sesongvariasjonar. Førstnemnde gruppe inkluderer mellom anna treforedling, kjemiske råvarer og metaller. Industri som produserer investeringsvarer hadde ein auke på vel 1 prosent. Utviklinga dei tre siste månadene syner ei moderat utvikling med berre mindre endringar for innsatsvarer og konsumvarer. Industri knytt til investeringsvarer har hatt ein stigande tendens sterkt prega av aktiviteten på norsk kontinentalsokkel og av verksemda i bygg- og anleggsnæringa.

Lågare byggjeverksemd
Trelast- og trevareindustrien har hatt ein klar nedgang dei siste månadene justert for normale sesongvariasjonar. Dette heng mellom anna saman med mangel på råstoff og ein lågare etterspurnad. Utviklinga er knytta til ein nedgang i bygging av nye bustader og andre bygg gjennom 1998. Lågare produksjon i mineralproduktindustrien heng saman med stans for vedlikehald hos sentrale aktørar i november. Innanfor kjemisk industri har sviktande sal vore med på å trekkje ned produksjonen.

Oppgang for plattformindustrien
Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer hadde ein merkbar vekst frå oktober til november. Dette heng saman med dei rekordhøge investeringane til feltutbygging i Nordsjøen gjennom 1998. Samanlikna med same månad i 1997, har det vore ein vekst på 16,9 prosent dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal.

Energisektorane
Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 0,3 prosent frå oktober til november, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dersom vi samanliknar vekekorrigerte tal, har det vore ein liten auke i produksjonen av olje og gass frå oktober til november, sjølv om produksjonen i november var 7,9 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor. Generelt må dei aktuelle sesongjusterte tala frå olje- og gassutvinning og kraftforsyning tolkast forsiktig. Dette heng saman med eit ustabilt sesongmønster i desse næringane.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Tal frå produksjonsindeksen for oktober 1998 er for einskilde sektorar revidert og publisert på nytt i samband med indeksen for november. Dette gjeld gassproduksjonen i Nordsjøen som byggjer på ny informasjon.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, november 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 2, 1999 [an error occurred while processing this directive]