[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 47, 1998

Konsumprisindeksen, per 15. oktober 1998:

Prisnedgang på klede


Klede og skotøy viser ein nedgang frå oktober 1997 til oktober 1998 på over 2 prosent, og frå oktober 1995 har prisane hatt ein nedgang på over 6 prosent. Lågare tollsatsar, frihandel med fleire land og bortfall av kvoteregulering på klede frå land med lågt prisnivå er nokre av årsakene til prisreduksjonen dei siste åra.
Sett i forhold til tolvmånadersveks-ten har det vore ein stabil prisvekst i Noreg så langt i år. Frå oktober i fjor til oktober i år steig konsumprisindeksen med 2,2 prosent, og hittil i år (dei ti siste månadene) er prisane òg 2,2 prosent høgare enn i same tidsrom i fjor. Tolvmånadersendringa på ulike varegrupper viser stor spreiing i same tidsrommet.

Prisane på klede har vist ein nedgang sidan 1995 og ligg no om lag 3 prosent under nivået i oktober 1998. Ei gradvis seinking av tollsatsane og ein markert auke i importerte klede frå land med låge arbeidskostnader, er forhold som kan forklara nedgangen i prisane på klede dei siste åra. Den sterke konkurransen mellom dei store kleskjedene, som kontrollerer 75 prosent av den norske marknaden, bidreg òg til at prisane blir lågare.

Dyrare alkohol, tobakk og helsepleie
Drikkevarer og tobakk er den gruppa som har hatt størst prisauke siste året, med nesten 10 prosent. Prisane på drikkevarer har auka med 7,4 prosent og tobakk med 13,9 prosent sidan oktober 1997. Over 80 prosent av prisoppgangen på drikkevarer og tobakk kom ved årsskiftet, og hovudårsaka var ein auke i avgiftene både på alkohol, tobakk og sukker.

Sidan oktober i fjor har utgifter til helsepleie auka med 7 prosent. Halvparten av denne oppgangen kom ved årsskiftet som ein konsekvens av at myndigheitene la om prissetjinga på legemiddel. Dette gav utslag i auka prisar på dei fleste medikament. Eigenbetaling for tannlegehjelp steig i januar 1998 med om lag 2 prosent og i august 1998 med nesten 4 prosent. Eigenbetaling for legehjelp steig med i overkant av 12 prosent i februar i år.

Sidan oktober i fjor har prisane på matvarer auka med nesten 5 prosent. Prisstiginga har vore jamn, med størst endring frå mai til juli. Størst prisoppgang har det vore på frukt og grønsaker, sukker, poteter og matfeitt og olje.

For gruppa bustad, lys og brensel har det samla sett ikkje vore noko endring frå oktober i fjor til oktober i år. Prisen på elektrisitet har likevel hatt ein nedgang på nesten 9 prosent frå oktober 1997 til oktober 1998. Den same nedgangen har òg petroleum og fyringsolje hatt. Dette har blitt kompensert av auka utgifter til bustad og vedlikehald med i overkant av 2 prosent i same tidsrommet.

Harmonisert konsumprisindeks
Den norske harmoniserte konsumprisindeksen som blir utarbeidd for internasjonale prissamanlikningar var 105,0 (1996=100) i oktober 1998, det same som i september. Dette er ein auke på 2,0 prosent frå oktober i fjor. Hellas er det landet som har hatt størst vekst frå oktober 1997 til oktober 1998, med 5,0 prosent.

Om statistikken
Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1998 til juli 1999 byggjer vektgrunnlaget på forbrukarundersøkingane for 1995, 1996 og 1997.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er eit utval på om lag 900 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytingar - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen blir henta inn frå eit utval på om lag 2 200 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

[Figur 14]

Figur 14: Prisutvikling på klede frå januar 1994 til oktober 1998. Glidande 12 månader gjennomsnitt


Ny statistikk
Konsumprisindeksen, per 15. oktober 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27, Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Randi.Johannessen@ssb.no, tlf. 21 09 47 30.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 47, 1998 [an error occurred while processing this directive]