[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 46, 1998

Produksjonsindeksen for industrien, september 1998:

Lågare olje- og gassutvinning


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning gjekk opp med 3,6 prosent frå august til september, når ein samanliknar på sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein klar auke i oljeproduksjonen. Samla sett var olje- og gassutvinninga likevel 2,5 prosent lågare enn i september i fjor. Når ein samanliknar vekekorrigert statistikk var totalindeksen 0,1 prosent høgare.
Olje- og gassutvinninga frå juli til september var noko lågare enn i første og andre kvartal i år. Dette hang mellom anna saman med ekstraordinære driftsproblem på Ekofisk-feltet knytt til det nye feltsenteret. Samanliknar vi perioden januar til september i fjor med tilsvarande periode i år, låg olje- og gassutvinninga 4,4 prosent lågare i år enn i 1997. Det har vore ein nedgang på 8,3 prosent i kraftproduksjonen frå august til september. Kraftproduksjonen var i september 2,6 prosent lågare enn for eit år sidan.

Nedgang i industriproduksjonen
Produksjonen i industri og bergverksdrift fall med 0,5 prosent frå august til september. I industrien aleine var nedgangen på 0,9 prosent, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Kjemisk industri, mineralproduktindustri og treforedling har hatt ei negativ utvikling. Nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein vekst i same perioden særskilt knytta til ein auke i produksjonen av fisk og fiskevarer.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeksen for industrien, september 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: 0yvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Kjell.Berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 46, 1998 [an error occurred while processing this directive]