[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 40, 1998

Kommunalt avløp, 1997. Hydraulisk kapasitet:

2 250 avløpsreinseanlegg i Noreg


Førebelse tal viser at det i 1997 er registrert om lag 2 250 kommunale, interkommunale og private avløpsreinseanlegg i Noreg. Desse anlegga hadde same året ein samla reinsekapasitet på om lag 5,3 millionar personeiningar (P.E.). 80 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla kommunalt ledningsnett, medan dei resterande har eigne separate avløpsanlegg (spreidd busetnad).
Til liks med våre naboland har Noreg forplikta seg til å redusere tilførslane av fosfor og nitrogen til Nordsjøen. For å oppnå betre vasskvalitet i vassdrag og marine område, og samstundes overhalde dei internasjonale avtalene, har Noreg satsa store summar på bygging av nye og utbetring av eldre reinseanlegg dei ti siste åra.

Dei siste par åra har auken i hydraulisk kapasitet vore marginal, noko som kan tyde på at ein er i ferd med å oppnå tilfredstillande reinsing på fosfor i mange område. Nitrogenfjerning har hittil ikkje vore naudsynt i same grad, og per 1996 er det re-gistrert berre tre anlegg med eige nitrogenfjerningstrin (15 prosent av den totale kapasiteten).

På Aust- og Sørlandet til og med Vest-Agder (Nordsjøfylka) har dei fleste anlegga fått høggradige reinsetrin (93 prosent av den totale reinsekapasiteten). Det vil seie at avløpsvatnet vert reinsa anten kjemisk, biologisk eller ved ein kombinasjon av desse to metodane. I fylka nordover langs kysten frå og med Rogaland kan myndigheitene stille mindre strenge krav til utslepp. Her kan kommunane i større grad velje enklare reinseprinsipp for avløpsvatn, slik som slamavskiljarar, rister, silar, sandfang eller sedimenteringsanlegg. Her utgjer høggradige anlegg kun 33 prosent av den totale reinsekapasiteten.

Rapporteringa for 1997, som er basert på oppgåver frå 424 av landet sine 435 kommunar, viser at i overkant av 880 000 personar, eller 20prosent av innbyggjarane i landet, er tilkopla små separate avløpsreinseanlegg i spreidd busetnad. Til saman er det registrert om lag 332000 slike anlegg, og slamavskiljarar (43,4 prosent) og infiltrasjons-anlegg (31,3 prosent) er dei vanlegaste behandlingsmetodane for avløp frå spreidd busetnad.

Om statistikken
Fram til og med 1997 samla Statistisk sentralbyrå (SSB), saman med Statens forureiningstilsyn og miljøvernavdelingane i dei ulike fylka, årleg inn driftsdata frå offentlege og private avløpsreinseanlegg gjennom den distribuerte databasen SSB-avløp. Frå 1998 er innsamlingsrutinane endra, og no vert dataene rapporterte inn gjennom SESAM, som er eit kombinert sakshandsamings- og rapporteringssystem for SFT og miljøvernavdelingane.

SSB kvalitetssikrar dei innrapporterte opplysningane og utarbeider deretter offentleg statistikk for avløpssektoren.

Personeiningar (P.E.) er ein måleeining for storleiken på eit reinseanlegg. Gjennomsnittleg årleg utslepp frå ein person tilsvarar 1 P.E., og dersom industri med meir er tilknytta anlegget vert utsleppa herfrå omrekna til P.E. Som gjennomsnittsverdiar for utslepp per person og døgn reknar ein 400 liter vatn, 1,6 gram fosfor og 12,0 gram nitrogen.

Høggradige reinseanlegg omfattar anlegg med kjemisk og/eller biologisk reinsetrin. Høggradige reinseanlegg reduserar mengda av fosfor og andre forureinande stoff meir effektivt enn mekaniske anlegg.

Hydraulisk kapasitet er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg er dimensjonert for å behandle.

Ny statistikk
Kommunalt avløp, 1997. Hydraulisk kapasitet.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kjetil.Mork@ssb.no, tlf. 62 88 54 59.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 40, 1998 [an error occurred while processing this directive]