[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998

Produksjonsindeks for industrien, mai 1998:

Noko lågare olje- og kraftproduksjon


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 0,7 prosent den siste månaden, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dette heng i første rekkje saman med ein nedgang innanfor energiproduserande næringar. Dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk er totalindeksen 0,4 prosent lågare enn i mai 1997.
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 4,3 prosent frå april til mai, sesongjustert. Produksjonen var om lag 8 prosent lågare enn i same månad i fjor. Nedgangen kjem i første rekkje av vedlikehaldsstans på nokre av felta i Nordsjøen og lågare gassproduksjon på Trollfeltet. Det har elles vore ein nedgang på 3 prosent i kraftproduksjonen frå april til mai. Her låg produksjonen i mai om lag 5 prosent lågare enn for eitt år sidan.

Uendra industriproduksjon
Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst på 0,2 prosent frå april til mai. Innan industrien var det ein nedgang på 0,1 prosent. Treforedling, mineralprodukt-, møbel- og metallvareindustrien har hatt ein auke den siste månaden, medan andre næringar som forlag og grafisk industri og kjemisk industri har hatt ein moderat reduksjon i produksjonen. Ser ein på dei fem første månadene i år ligg produksjonen 5,1 prosent over tilsvarande periode i fjor.

Mellom dei enkelte næringane har særskilt industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer, og trelast- og møbelindustrien hatt ein klar auke. Gummivare- og mineralproduktindustrien har vore inne i ei negativ utvikling i denne perioden. Framover peiker trenden i industrien mot ein vekst på mellom 6 og 7 prosent for året, dersom utviklinga blir den same utover i 1998 som den har vore til no.
Tabeller

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, mai 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: oyvind.naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller kjell.berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998 [an error occurred while processing this directive]