[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, juni 1998:

Stabile byggjekostnader


Frå mai 1998 til juni 1998 auka dei totale byggjekostnadene og materialkostnadene for einebustader, rekkjehus og bustadblokker med 0,1 prosent.
Den delindeksen som steig mest i perioden frå mai 1998 til juni 1998 var delindeksen for stein-, jord- og sementarbeid. I dette tidsrommet auka dei totale materialkostnadene og byggjekostnadene for denne delindeksen med 0,2 og 0,1 prosent.

Frå juni 1997 til juni 1998 gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 3 prosent både for rekkjehus og bustadblokker og med 2,8 prosent for einebustader. I den same perioden steig dei totale materialkostnadene med 2,8 prosent for bustadblokker, 2,5 prosent for rekkjehus og 2,3 prosent for einebustader.
Tabeller

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, juni 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: ase.wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller lars.henrik.thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998 [an error occurred while processing this directive]