[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1998:

Stabile elektrikarkostnader


Materialkostnadene for elektrikararbeid gjekk ned med 0,1 prosent frå april til mai i år.
Dei totale materialkostnadene steig derimot med 0,1 prosent i den same perioden. Størst var auken for bustadblokker, med 0,2 prosent, medan materialkostnadene steig med 0,1 prosent for einebustader og rekkjehus.

Trass nedgangen den siste månaden, er det likevel indeksen for elektrikararbeid som har hatt den største auken det siste året av delindeksane. Frå mai 1997 til mai 1998 steig materialkostnadene for elektrikararbeid med 4,5 prosent.

Tal for elektrikararbeid
På grunn av brot i årets sentrale lønsoppgjer for elektrikarane, kan Statistisk sentralbyrå ikkje gje ut indeksar som inkluderer elektrikararbeid for mai. Tal for desse indeksane vil bli publiserte så snart meklinga er avslutta.

Tabeller

  • Tabell 01. Byggjekostnadsindeks. 1978=100

    Om statistikken
    Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

    Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningene byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

    Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

    Ny statistikk

    Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: ase.wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller lars.henrik.thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 24, 1998 [an error occurred while processing this directive]