[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1998

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. april 1998:

Små endringar i prisane


Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands steig med 0,3 prosent frå mars til april 1998. Auken i prisane på matvarer, einskilde råvarer og brenselstoffer er dei viktigaste enkeltfaktorane. Tolvmånadersveksten var i april på 1 prosent, etter 0,6 prosent i mars.
Gruppa brenselstoffer, brenselolje og elektrisk kraft steig med 0,6 prosent frå mars til april, som resultat av ei styrking av prisane på råolje og raffinerte oljeprodukt. Tolvmånaders-veksten for gruppa syner eit fall på 2,7 prosent i april, medan den i mars hadde eit fall på 4,2 prosent.

Råvareprisane tok seg og noko opp frå mars til april, med 0,6 prosent. Auka prisar på einskilde metall og malmar hadde størst innverknad. Matvareprisane gjekk og noko opp, samla med 0,5 prosent frå mars til april. Størst auke var det på kjøt og kjøtvarer med 0,9 prosent, medan noko lågare prisar på kaffi og kakao trakk i motsett retning. For dei andre gruppene var det berre mindre endringar.

Gruppert etter nytting var det berre mindre endringar frå mars til april. Konsumvarer hadde ein auke på 0,2 prosent, medan prisane på investeringsvarer var uendra samla sett. Tolvmånadersveksten for konsumvarene i april var på 1,6 prosent, det same som i mars.

Ny statistikk

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. april 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: erik.skauen@ssb.no, tlf. 21 09 48 91.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]