[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1998

Produsentprisindeksen, per 15. april 1998:

Liten oppgang i råoljeprisen


Produsentprisindeksen auka med 0,4 prosent frå mars til april. Noko høgare prisar på råolje og raffinerte oljeprodukt hadde stor innverknad på utviklinga. Frå april i fjor til april i år auka indeksen med 1,3 prosent, noko opp jamført med sist månad da tolvmånadersveksten var på 0,7 prosent.
Råoljeprisane tok seg opp noko etter å ha nådd eit mellombels botnpunkt sist månad med ein pris under 12,5 dollar per fat i nokre veker. Mot siste del av månaden og inn i april auka prisen noko. For april var gjennomsnittleg pris for råolje (Brent Blend) på om lag 13,5 dollar per fat, noko som tilsvarar vel 101 norske kroner ved bruk av gjennomsnittleg valutakurs for månaden. Dette er ein auke på 3 prosent jamført med siste månad, vel 17 prosent lågare enn i april i fjor. Prisen på råolje var på vel 14 dollar per fat tidleg i mai.

Auke i industrien sine prisar
Industrien sine produsentprisar steig med 0,4 prosent frå mars til april. Tolvmånadersveksten var på 1,8 prosent i april, svakt opp jamført med mars som hadde ein vekst på 1,7 prosent. Størst auke var det i prisane på matvarer, som samla steig med 0,8 prosent frå mars til april. Det var i fyrste rekkje auka prisar på einskilde grønsaker og kjøt og kjøtvarer. Prisane på raffinerte oljeprodukt tok seg og opp, i lys av utviklinga i dei internasjonale råvaremarknadene. Bensin og lettare fyringsoljer auka med 3 til 6 prosent, medan tyngre produkt hadde ein auke på om lag 10 prosent. Aprilprisane for dei lettare produkta, rekna i norske kroner, ligg jamvel mellom 12 og 16 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Tabeller

  • Tabell 01. Produsentprisindeksen. 1981=100

    Om statistikken
    Produsentprisindeksen måler prisutviklinga på produkt laga i oljeutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Det vert henta inn prisar ved sal til norsk marknad og/eller eksport. Alle prisar skal vere utan vareavgifter og meirverdiavgift, og skal vere gjeldande pris per 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er nasjonalrekne-skapen sine tal for 1979. Undersøkinga inkluderer om lag 1 300 representantvarer fordelt på om lag 500 bedrifter. I dei månadlege utrekningane inngår om lag 2 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er på vel 90 kvar månad. Statistikken er under omarbeiding.

    Ny statistikk

    Produsentprisindeksen, per 15. april 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: erik.skauen@ssb.no, tlf. 21 09 48 91.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]