[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 15-16, 1998

Produsentprisindeksen, per 15. mars 1998:

Kraftig fall i råoljeprisen


Produsentprisindeksen fall med 0,3 prosent frå februar til mars. Lågare prisar på råolje, raffinerte oljeprodukt og andre viktige norske råvarer hadde stor innverknad på utviklinga. Frå mars i fjor til mars i år auka indeksen med 0,7 prosent, det same som i februar.
Utviklinga i råoljeprisane på dei internasjonale råvarebørsane har stor innverknad på totalindeksen. Gjennom mars fall råoljeprisen kraftig og nådde nært eit lågpunkt for 1990-talet med noteringer under 12,5 dollar per fat i nokre veker. For mars var gjennomsnittleg pris for råolje (Brent Blend) på 13 dollar per fat, noko som tilsvarer 98 norske kroner ved bruk av gjennomsnittleg valutakurs for månaden. Dette er eit fall på om lag 8 prosent jamført med siste månad og vel 28 prosent lågare enn i mars i fjor.

OPEC-landa sine forhandlingar i slutten av mars om reduksjonar i total produksjon frå medlemslanda, medrekna Noreg sitt bidrag, for å redusere det samla tilbodet på råolje, synast på kort sikt likevel ikkje å ha overtydd dei internasjonale råvarebørsane. Etter å ha vore oppe i om lag 14,5 dollar kort tid etter OPEC sitt møte, syner dei fyrste noteringane for april at rå-oljeprisen har lagt seg på eit nivå rundt 13,5 dollar.

Fall i industrien sine prisar
Industrien sine produsentprisar fall med 0,1 prosent frå februar til mars. Tolvmånadersveksten var på 1,7 prosent i mars, uendra jamført med februar. Prisane på raffinerte oljeprodukt hadde sterkast nedgang frå februar til mars. Utviklinga hos nors-ke produsentar er påverka av dei internasjonale råvarebørsane, der prisane for bensin og lettare fyringsoljer fall med 7 til 9 prosent frå februar til mars. Marsprisane for desse produkta, rekna i norske kroner, var mellom 15 og 20 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Samla sett gjekk metallprisane ned med 0,4 prosent frå februar til mars. Sterkast nedgang i dei internasjonale marknadene hadde aluminium som fall med om lag 10 prosent. Tendensen har vore fallande for aluminium så langt i 1998. For einskilde andre metallprodukt vart det nådd noko betre prisar. Tolvmånadersveksten for metall var i mars på 2,9 prosent.

Prisane på næringsmiddel, drikkevarer og tobakk auka med 0,2 prosent frå februar til mars. Størst auke var det på næringsmiddel med 0,5 prosent, noko prega av svingingane i prisane på frukt og grønsaker. Også prisane på verkstedprodukt gjekk noko opp.

Tabeller

  • Tabell 01. Produsentprisindeksen. 1981=100

    Om statistikken
    Produsentprisindeksen måler prisutviklinga på produkt laga i oljeutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Det vert henta inn prisar ved sal til norsk marknad og/eller eksport. Alle prisane skal vere utan vareavgifter og meirverdiavgift, og skal vere gjeldande pris per 15. i kvar månad. Vekt-grunnlaget er nasjonalrekneskapen sine tal for 1979. Undersøkinga inkluderer om lag 1 300 representantvarer fordelte på om lag 500 bedrifter. I dei månadlege utrekningane inngår om lag 2 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er på vel 90 kvar månad. Statistikken er under omarbeiding.

    Ny statistikk

    Produsentprisindeksen, per 15. mars 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Bjørg Devik, tlf. 21 09 47 37, e-post: bjorg.devik@ssb.no.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 15-16, 1998