[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 15-16, 1998

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. mars 1998:

Stabile prisar på innanlandsmarknaden


Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands fall med 0,2 prosent frå februar til mars 1998. Ein sterk nedgang i prisane på raffinerte oljeprodukt er den viktigaste enkeltfaktoren. Dei siste tolv månadene har indeksen auka med 0,6 prosent.
Gruppa brenselstoff, brenselolje og elektrisk kraft fall med 1,9 prosent frå februar til mars, som resultat av ein markert nedgang i prisane på råolje og raffinerte oljeprodukt. Tolvmånadersveksten for gruppa syner eit fall på 4,2 prosent i mars, medan den i februar var på 4,4 prosent. Også råvareprisane fall frå februar til mars, med 0,2 prosent. Lågare prisar på einskilde skinnkvalitetar og malmar hadde størst innverknad.

Gruppa kjemikaliar hadde ein auke på 0,5 prosent. Her kom bidraget til veksten i fyrste rekkje frå høgare prisar på medisinske og farmasøytiske produkt. Det var prisauke for både norskproduserte og importerte varer. Tolvmånadersveksten for gruppa var i mars på 1,9 prosent. Også matvareprisane auka noko, samla med 0,1 prosent frå februar til mars. Innanfor gruppa var det større endringar, som langt på veg vog opp for kvarandre. Størst auke var det på kjøt og kjøtvarer med 0,9 prosent, medan noko lågare prisar på kaffi og kakao trakk i motsett retning. For dei andre gruppene var det berre mindre endringar.

Gruppert etter nytting var det berre mindre endringar frå februar til mars. Konsumvarer og investeringsvarer hadde ein auke på respektive 0,1 og 0,2 prosent. Tolvmånadersveksten for konsumvarene var på 1,6 prosent, medan det i februar var ein auke på 1,7 prosent.

Ny statistikk

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. mars 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Bjørg Devik, tlf. 21 09 47 37, e-post: bjorg.devik@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 15-16, 1998