[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 15-16, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, mars 1998:

Auka røyrleggjarkostnader


Frå februar 1998 til mars 1998 auka materialkostnadene for røyrleggjararbeid med 2,4 prosent for einebustader og 2,3 prosent for rekkjehus og bustadblokker. Dei totale røyrleggjarkostnadene auka med 1,7 prosent i den same perioden.
Frå februar 1998 til mars 1998 auka dei totale materialkostnadene med 0,3 prosent, medan dei totale byggjekostnadene gjekk opp med 0,2 prosent.

Frå mars 1997 til mars 1998 gjekk materialkostnadene for røyrleggjararbeid opp med 4,3 prosent. Dei totale røyrleggjarkostnadene steig med 3,5 prosent for rekkjehus og 3,4 prosent for einebustader og bustadblokker.

Sjølv om delindeksen for elektrikar-arbeid ikkje endra seg den siste månaden, er det likevel den som har stige mest det siste året. Dei totale elektrikarkostnadene steig då med 4,6 prosent, medan materialkostnadene auka med 4,5 prosent.

Tabeller

  • Tabell 01. Byggjekostnadsindeks. 1978=100

    Om statistikken
    Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

    Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

    Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

    Ny statistikk

    Byggjekostnadsindeks, bustader, mars 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: ase.wilhelmsen@ssb.no, eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 97, e-post: lars.henrik.thingstad@ssb.no.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 15-16, 1998