[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, februar 1998:

Stabile byggjekostnader


Frå januar til februar 1998 var det små endringar i byggjekostnadene. Dei totale materialkostnadene gjekk opp med 0,4 prosent, medan auken for dei totale byggjekostnadene berre var på 0,2 prosent.
I perioden frå februar 1997 til februar 1998 auka dei totale materialkostnadene med 2,7 prosent. Auken var størst for bustadblokker, med 3 prosent. Materialkostnadene for rekkjehus og einebustader gjekk opp med 2,9 og 2,5 prosent i dette tidsrommet.

Frå februar 1997 til februar 1998 steig dei totale byggjekostnadene med 2,2 prosent. Størst var auken for rekkjehus, med 2,4 prosent, medan byggjekostnadene for bustadblokker og einebustader gjekk opp med 2,3 og 2,2 prosent.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Tabeller

* Tabell 01: Byggjekostnadsindeks. 1978=100

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, februar 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61,e-post: wil@ssb.no, eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 97, e-post:lht@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 11, 1998