[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 3, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, desember 1997:

Auka materialkostnader


Dei totale materialkostnadene auka med 2,8 prosent frå desember 1996 til desember 1997. Dette syner Statistisk sentralbyrå sin nye totalindeks for byggjekostnader. Auken var størst for rekkjehus, med 3 prosent.
Frå desember 1996 til desember 1997 gjekk materialkostnadene for bustadblokker opp med 2,9 prosent, og for einebustader med 2,7 prosent.

Totale byggjekostnader gjekk opp med 2,2 prosent i same periode. Auken var størst for einebustader, med 2,2 prosent. Rekkjehus og bustadblokker steig med 2,1 og 2 prosent. Frå november til desember 1997 var det berre marginale endringar i byggjekostnadene for dei ulike typane av bustader.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningene byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Tabeller

* Tabell 01: Byggjekostnadsindeks. 1978
=100

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, desember 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 97, e-post: lht@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 3, 1998