[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 46, 1997

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. oktober 1997:

Auke i matvareprisane


Prisindeks for fyrstegongsomsetning av varer innanlands hadde ikkje endring frå september til oktober. Auke på nokre områder vert jamna ut av nedgong på andre. Frå oktober 1996 til oktober 1997 (tolvmånadersveksten) auka prisane med 0,9 prosent, etter ein auke på 1,5 prosent i september.
Gruppene matvarer, brenselstoff, brenselolje og elektrisk kraft synte størst auke frå september til oktober. Det vart mellom anna registrert auka prisar på svinekjøt, fisk, kaffi, frukt, kjøt- og pølsevarer. For andre grupper var det berre mindre endringar, men som samla sett utlikna auken i matvareprisane.

For indeksar grupperte etter anvending synte indeksen for konsumvarer ein auke på 0,1 prosent frå september til oktober, medan tolvmånaders- veksten fall til 1,8 prosent i oktober, etter 2 prosent i september. For gruppa investeringsvarer var det ikkje endring frå september til oktober, og tolvmånadersveksten i oktober var på 1,1 prosent. Det er same nivå som i september.

Ny statistikk

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. oktober 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Statistisk månadshefte. Meir informasjon: Torill Amundsen, tlf. 21 09 47 42, e-post: tva@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 46, 1997