[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 46, 1997

Produsentprisindeksen, per 15. oktober 1997:

Små endringar for industrien


Produsentprisindeksen totalt auka med 0,2 prosent frå september til oktober. Frå oktober 1996 til oktober 1997 (tolvmånadersveksten) gjekk indeksen opp med 0,5 prosent. Industrien sine produsentprisar auka med 0,2 prosent frå september til oktober.
Utviklinga i produsentprisindeksen har variert kraftig gjennom lengre tid sterkt påverka av prisutviklinga i dei internasjonale råvaremarknadene. Gjennomsnittleg pris for råolje (Brent Blend) i oktober låg noko i overkant av 19,5 dollar per fat - ein auke på 7 prosent frå siste månad, men 18,5 prosent lågare enn i oktober i fjor. Omrekna til norske kroner låg oktoberprisen på om lag 139 kroner utrekna ved bruk av gjennomsnittleg valutakurs for månaden.

Indeksen for olje- og gassutvinning gjekk opp med 1,9 prosent frå september til oktober, etter eit fall på 3 prosent sist månad. Tolvmånadersveks-ten for næringa fall til 6,3 prosent i oktober, etter eit fall på 3,8 prosent i september.

Auke for raffinerte oljeprodukt
Industrien sine produsentprisar auka med 0,2 prosent frå september til oktober, etter eit fall på 0,1 prosent førre månad. Det er gruppa kjemiske produkt, mineralolje-, kull-, gummi- og plastprodukt saman med gruppa næringsmiddel som yter mest til utviklinga. Dei andre næringane syner berre mindre endringar.

Tolvmånadersveksten for industrien var på 1,1 prosent i oktober, etter 1,3 prosent i september. Veksten i heimemarknaden var i oktober på 1,6 prosent - om lag same nivå som i september. Tolvmånadersraten for industrien sin eksport var klart lågare enn i heimemarknaden, men tendensen med negative endringstal på tolvmånadersbasis gjennom lengre tid ser ut til å ha snudd.

Om statistikken
Produsentprisindeksen måler prisutviklinga på produkt laga i oljeutvinning, bergverksdrift, industri og kraftforsyning. Det vert henta inn prisar ved sal til norsk marknad og/eller eksport.

Alle prisane skal vere utan vareavgifter og meirverdiavgift, og skal vere gjeldande pris per 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er nasjonalrekneskapen sine tal for 1979. Undersøkinga inkluderer om lag 1 300 representantvarer fordelt på om lag 500 bedrifter. I dei månadlege berekningane inngår om lag 2 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er på vel 90 kvar månad. Statistikken er under omarbeiding.

Ny statistikk

Produsentprisindeksen, per 15. oktober 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS)Statistisk månadshefte. Meir informasjon: Torill Amundsen, tlf. 21 09 47 42, e-post: tva@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 46, 1997