[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 46, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, oktober 1997:

Auka materialkostnader


Frå september til oktober 1997 auka materialkostnadene for røyrleggjararbeid med 1,2 prosent for rekkjehus og bustadblokker, medan dei steig med 1,1 prosent for einebustader.
Dei totale kostnadene for røyrleggjararbeid steig i den same perioden med 0,9 prosent for rekkjehus og med 0,8 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei totale materialkostnadene og byggjekostnadene auka særs lite denne månaden.

Frå oktober 1996 til oktober 1997 gjekk dei totale materialkostnadene opp med 3,3 prosent for rekkjehus og med 3 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei totale byggjekostnadene gjekk opp med 2,4 prosent for einebustader, 2,3 prosent for rekkjehus og med 2,1 prosent for bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, oktober 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad,
tlf. 62 88 54 97, e-post: lht@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 46, 1997