[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 41, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, september 1997:

0,5 prosent auke i materialkostnadene for tømring og snikring


Frå august til september 1997 auka materialkostnadene for tømring og snikring med 0,5 prosent for einebustader, medan dei steig med 0,4 prosent for rekkjehus og bustadblokker.
Dei totale kostnadene for tømring og snikring steig i den same perioden med 0,4 prosent for einebustader og med 0,3 prosent for rekkjehus og bustadblokker. Dei totale materialkostnadene auka med 0,3 prosent for alle dei tre bustadtypane, medan stigninga i dei totale byggjekostnadene var 0,1 prosent for bustadblokker og 0,2 prosent for einebustader og rekkjehus.

Frå september 1996 til september 1997 gjekk dei totale materialkostnadene opp med 3,1 prosent for rekkjehus og med 2,9 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei totale byggjekostnadene gjekk opp med 2,4 prosent for einebustader, 2,2 prosent for rekkjehus og med 2 prosent for bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, september 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post:wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post:lht@ssb.no.

Tabell


Ukens statistikk nr. 41, 1997