[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 38, 1997

Noregs fiskerier, 1. halvår 1995-1997:

Nedgang i silde- og brislingfisket


Fisket i 1. halvår i år viser auke i fangstane av torsk og hyse, samanlikna med 1. halvår i fjor, medan det er nedgang i fangstane av sild, brisling, sei, kolmule og augepål.
Til saman blei det fiska 1,5 millionar tonn 1. halvår i år viser førebels tal. Det er like mykje som 1. halvår 1996, men ein auke på 6,1 prosent i forhold til same periode 1995.

Dei siste åra har det vore jamn auke i fangstane av torsk og hyse. 1. halvår i år blei det fiska 275 000 tonn. Det er ein auke på 12 prosent frå same periode i fjor.

1. halvår 1995 og 1996 blei det fiska store mengder sild og brisling. Samanlikna med 1. halvår 1996 blei fangstane av feitsild og brisling reduserte med 68 000 og 54 000 tonn 1. halvår i år.

Det var lågare gjennomsnittspris på dei fleste viktige fiskeslaga 1. halvår i år enn i same periode i fjor. Medrekna skaldyr, skjell og reker var førstehandsverdien 4,1 milliardar kroner i år mot 4,4 milliardar i fjor.

[Figur 7]

Figur 7: Oppfiska kvantum fordelt på fiskeslag. 1. halvår 1997


[Figur 8]

Figur 8: Verdi av fangsten fordelt på fiskeslag. 1. halvår 1997


Ny statistikk

Noregs fiskerier, 1. halvår 1995-1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiskeristatis-tikk. Meir informasjon: Kristin Halland Bagaas, tlf. 62 88 52 30, e-post: knh@ssb.no eller Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 38, 1997