[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 33, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, juli 1997:

Auka kostnader for elektrikararbeid


Frå juli i fjor til juli i år var det størst stigning i dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid.
For bustadblokker auka desse kostnadene 5,0 prosent, medan auken for einebustader og rekkjehus var 4,8 og 4,7 prosent. I same periode auka dei totale byggjekostnadene for einebustader 2,2 prosent, for rekkjehus 2,1 prosent og for bustadblokker 2,0 prosent.

Desse 12 månadene steig materialkostnadene mest for rekkjehus. Auken i materialkostnader for denne typen bustader var 2,9 prosent, medan den var 2,6 og 2,8 prosent for einebustader og bustadblokker.

Også frå juni til juli i år var auken størst for dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid. For denne typen arbeid gjekk kostnadene opp 0,7 prosent for einebustader og rekkjehus og 0,6 prosent for bustadblokker. I same periode auka dei totale byggjekostnadene med 0,1 prosent og dei totale materialkostnadene med 0,2 prosent for alle tre bustadtypane.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, juli 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statis-tikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post: lht@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 33, 1997