[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 28-29, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, juni 1997:

Auka byggjekostnader


Frå juni fjor til juni i år steig dei totale byggjekostnadene for einebustader med 2,1 prosent, medan rekkjehus og bustadblokker hadde ein auke på 2,0 og 1,9 prosent.
I den same perioden steig materialkostnadene mest for rekkjehus med 2,7 prosent, medan dei auka med 2,4 og 2,6 prosent for einebustader og bustadblokker.

Dei totale byggjekostnadene auka frå juni til juli 1997 med 0,1 prosent både for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Berre for einebustader var auken i dei totale materialkostnadene den same, medan for rekkjehus og bustadblokker var auken på 0,2 og 0,3 prosent.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, juni 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post: lht@ssb.no.

Tabell

Ukens statistikk nr. 28-29, 1997