[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 26, 1997

Byggjearealstatistikk, mai 1997:

25 prosent auke i bustadbygging


Etter to år med vekst i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader er det no ei utflating. Nivået er likevel om lag 70 prosent over botnnivået i 1992. Igangsetjingstalet for bustader viser derimot auke. Frå januar til mai i år vart det igangsett bygging av 25 prosent fleire bustader enn i fjor.
Dei fem første månadene i år vart det igangsett 2 prosent meir bruksareal til andre bygg enn bustader enn i fjor. Dei månadlege igangsetjingstala for bruksareal til slike bygg denne perioden har variert mykje samanlikna med tala for same månad i 1996. I mai i år vart det igangsett 18 prosent
mindre bruksareal enn i mai fjor.

Mange store yrkesbygg i Akershus
I Akershus vart igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader meir enn tredobla dei fem første månadene i år samanlikna med same periode i fjor. Fleire store bygg vart igangsett i dette fylket denne perioden. Størst nedgang for andre bygg enn bustader hadde Vest-Agder. Der var igangsetjingstalet nesten halvert samanlikna med i fjor. Den store nedgangen kan i stor grad forklarast med at det vart sett i gang uvanleg mykje bruks-areal i dette fylket dei fem første månadene i fjor. Sett i forhold til 1995 er nedgangen 18 prosent.

Vekst i bustadbygginga
I mai i år vart det sett i gang bygging av 12 prosent fleire bustader enn i fjor. Dei fem første månadene i år vart i alt 7 587 bustader sette i gang mot 6058 i fjor. Dei fleste fylka har auke i talet på igangsette bustader i år. Berre i fem fylke er igangsetjinga redusert. Nord-Trøndelag har hatt størst nedgang med 26 prosent.

Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Oslo og Trondheim kommunar i mai 1997 vart berre delvis registrerte i GAB-registeret denne månaden. Oppdateringa av bygg under arbeid vart heller ikkje fullstendig i desse kommunane denne månaden.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i mai 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 1,4 månader for bustader og 1,9 månader for andre bygg.

[Figur 8]

Figur 8: Talet på igangsette bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-mai 1997


[Figur 9]

Figur 9: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-mai 1997. Kvadratmeter


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, mai 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 26, 1997