[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1997

Ordrestatistikk. Industri, 1. kv. 1997:

Stor ordretilgang for industrien


Samla etterspurnad retta mot ordrebasert industri var i 1. kvartal om lag 10 prosent høgare enn på same tid i fjor, men ligg på same nivå som i 4. kvartal i fjor. Det er ordretilgangen frå heimemarknaden som held nivået oppe, og etterspurnaden retta mot plattformnæringa er særs viktig for utviklinga.
Etterspurnaden retta mot ordrebasert industri har auka kraftig dei siste åra. Særskilt sterk var auken i 3. og 4. kvartal sist år. Tala for 1. kvartal 1997 stadfestar at etterspurnaden framleis er høg og på same nivå som i føregåande kvartal. Sjølv om den sesongjusterte ordretilgangen i 1. kvartal viser ein svak nedgang samanlikna med føregåande kvartal, er det ein aukande trend. Omrekna til årleg auke var auken i trenden 6,6 prosent, rekna på grunnlag av endring frå føregåande kvartal. Det høge nivået på ordretilgangen har også auka dei samla ordrereservane, som er vel 30 prosent høgare enn i 1. kvartal i fjor og vel 13 prosent høgare enn i 4. kvartal. Ser ein på marknadene kvar for seg er biletet meir nyansert.

Stor etterspurnad frå heimemarknaden
Innanlandsk ordretilgang låg i 1.kvartal vel 31 prosent høgare enn på same tid i fjor. Hovudtyngda av oppgangen kom derimot i siste del av fjoråret, med berre små endringar frå 4. kvartal i fjor til 1. kvartal i år. Nivået på den samla etterspurnaden frå heimemarknaden er derimot framleis svært høg.

Ordretilgangen til plattformnæringa veg også tungt i den samla etterspurnaden frå heimemarknaden. I 1. kvartal var etterspurnaden retta mot næringa knapt 50 prosent høgare enn i føregåande kvartal. Bak denne utviklinga ligg fleire store kontraktar knytt til utbyggingsaktivitet på kontinentalsokkelen. Utviklinga i etterspurnaden gjennom dei siste åra har også gitt ein svært kraftig auke i ordrereservane for plattformnæringa. I 1. kvartal var reservane vel 30 prosent høgare enn i føregåande kvartal og vel 60 prosent høgare enn på same tid i fjor.

For dei andre næringane som hovudsakleg opererer på heimemarknaden, var utviklinga meir moderat. For maskinindustrien fall nivået på ordretilgangen i 1. kvartal etter ein kraftig auke i siste del av fjoråret. Etterspurnaden i 1. kvartal var likevel vel 20 prosent høgare enn på same tid i fjor. Det var berre små endringar i ordrereservane i 1. kvartal, men med den kraftige auken gjennom fjoråret låg likevel reservane svært høgt. For metallvareindustrien var utviklinga klart svakare. I 1. kvartal låg ordretilgangen om lag 14 prosent lågare enn på same tid i fjor og med ei negativ utvikling i trenden. Nivået på ordrereservane er også klart lågare enn på same tid i fjor.

Berre få impulsar frå eksportmarknaden
Frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år fall ordretilgangen frå eksportmarknaden med vel 6 prosent. Fleire faktorar ligg bak dette. Utviklinga har dels samanheng med at dei internasjonale konjunkturane, særskilt dei europeiske marknadene, framleis er svake. Vidare kan styrkinga av den norske krona gjennom delar av fjoråret og lågare produsentprisar for fleire eksportretta næringar, ha påverka utviklinga.

For einskilde eksportnæringar har utviklinga den siste tida likevel gitt nokre positive teikn. Kjemisk råvareindustri hadde i 1. kvartal ein auke i ordretilgangen på vel 10 prosent samanlikna med 1. kvartal i fjor, og årsveksten i trenden var i 1. kvartal på om lag 7 prosent. Også elektroteknisk og optisk industri har hatt ei god utvikling i sine eksportmarknader. Ordretilgangen var i 1. kvartal vel 30 prosent høgare enn på same tid i fjor, og auken i trenden har vore sterk gjennom dei siste kvartala.

Om statistikken
For fyrste gong vert totalindeksar for ordretilgang og -reservar for dei ordrebaserte næringane i industrien publiserte.

Oppgåvene for utvalde industrinæringar vert henta inn frå vel 500 bedrifter. Undersøkinga kartlegg mellom anna verdien på nye ordrar som er mottekne i teljekvartalet og ordrereservar ved utløpet av kvartalet - begge målt i gjeldande prisar for kvartalet. Resultatet vert presentert i form av verdiindeksar. I publiseringa av ordrestatistikken vil tal frå tidlegare kvartaler kunne bli reviderte på grunnlag av ny informasjon frå oppgåvegjevarane. Aktuelle tal må derfor oppfattast som mellombels. Endelege tal vil normalt liggje føre etter 1-2 kvartaler. Svarprosenten for undersøkinga er om lag 90. Det pågår for tida eit større revisjonsarbeid på området.

[Figur 6]

Figur 6: Ordretilgang totalt og etter marknad. 1995=100


Ny statistikk

Ordrestatistikk. Industri, 1. kv. 1997.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk. Meir informasjon: Jacob A. Osnes, tlf. 21 09 47 24, e-post: osn@ssb.no eller Pål Bakken, tlf. 21 09 47 46, e-post: pba@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 24, 1997