[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1997

Kontrollerte slakt, 1996:

Dei lyse kjøtslaga vinn terreng


Kjøtproduksjonen har auka på 90-talet. Førebels tal syner at den offentlege kjøtkontrollen i 1996 kontrollerte 250 000 tonn kjøt. Dette er ein auke på vel 12 prosent eller 27 400 tonn frå 1992. Det er auke for alle dyreslag, men klart mest for fjørfe og svin.
Som i 1995 var det produksjonen av fjørfe- og svinekjøt som auka mest. Det vart kontrollert 32 400 tonn fjørfekjøt i 1996, vel 13 prosent meir enn året før. For svinekjøt auka produksjonen med 8 prosent, frå 95 800 tonn i 1995 til 103 500 tonn i 1996. Produksjonen av storfekjøt auka med knappe 2 prosent, frå 84 100 til 85 600 tonn, mens det vart kontrollert 3 prosent meir sauekjøt enn året før.

Av alt kontrollert slakt i 1996 utgjorde svinekjøt og storfekjøt respektive 41og 34 prosent. Fjørfekjøt utgjer imidlertid ein stadig større del av totalproduksjonen av kjøt. I 1996 utgjorde fjørfekjøt 13 prosent av alt kontrollert kjøt, mot 9 prosent i 1992. Sidan 1992 har produksjonen av fjørfekjøt auka med 47 prosent. Av alt fjørfeslakt i 1996 var vel tre fjerdedelar kyllingslakt, mens kalkunkjøt utgjorde om lag 15 prosent.

Kvartalstala syner at det er 3. og 4.kvartal som er slaktesesong for sau, og meir enn 90 prosent av all saueslaktinga blir utført i denne perioden. Det blir også slakta noko meir svine- og fjørfekjøt i andre halvår enn i første.

Ny statistikk

Kontrollerte slakt, 1996.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk(NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjørg Andreassen, tlf. 62 88 52 36, e-post: jar@ssb.no eller Berit Bjørlo, tlf. 62 88 55 07, e-post: bbj@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 24, 1997