[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1997:

Lønsoppgjeret gav auke i elektrikarindeksen


Lønsoppgjeret til elektrikarane gjorde at delindeksen for elektrikararbeid auka med 1,5 prosent for bustadblokker og med 1,2 prosent for einebustader og rekkjehus i mai 1997. Materialkostnadene til denne indeksen fall derimot med 0,2 prosent.
Dei totale byggjekostnadene viste inga endring for einebustader, medan indeksen for rekkjehus og bustadblokker steig med 0,1 prosent i denne perioden. Materialkostnadene fall med 0,1 prosent for einebustader og bustadblokker, mens det var inga endring i materialkostnadene for rekkjehus.

Frå mai 1996 til mai 1997 gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 2 prosent, 1,9 og 1,8 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Endringa i materialkostnadene var noko større med 2,3 prosent for einebustader og 2,9 prosent for rekkjehus og bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post:wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post:lht@ssb.no.

Tabell

Ukens statistikk nr. 24, 1997