[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1997

Investeringsstatistikk. Bergverksdrift, industri og kraftforsyning, 2. kv. 1997:

Høge investeringstal for 1998


Anslaget for industriens investeringar for 1998 er på 10,5 milliardar kroner, vel 0,6 milliard høgare enn samanliknbare anslag for 1997 gitt på same tid i 1996. Dette er det høgaste investeringsanslaget som er rapportert i 2. kvartal - året før investeringsåret.

Investeringsanslagene for 1998 ligg 6 prosent over anslaga for 1997 rapportert på same tidspunkt i fjor. Dei fleste næringane ventar auka investeringar neste år. Elektroteknisk og optisk industri, oljeraffinering og kjemisk industri, næringsmiddelindustri og transportmiddelindustri ventar alle ein auke på om lag 300 millionar kroner samanlikna med det fyste anslaget for 1997. Metallindustrien ventar ein nedgang på 700 millionar kroner i 1998, noko som har samanheng med at nokre store enkeltprosjekt vart avslutta i fjor.

Høge investeringar også 1997
Industriinvesteringane for 1997 rapportert i 2. kvartal i år gjekk opp 5 prosent samanlikna med 1. kvartal, og er no på 14,4 milliardar kroner. Det er kjemiske råvarer og metallindustrien som har størst auke. Samanlikna med tal for 1996 rapportert på same tidspunkt i fjor, er anslaget for 1997 om lag 3 prosent lågare. Det er kjemiske råvarer som har størst nedgang, noko som må sjåast i samanheng med at utbyggingsprosjektet på Tjeldbergodden snart er ferdigstilt. I vurdering av 1997-anslaget opp mot 1996-tala må ein mellom anna leggje vekt på at industrien nedjusterte planane sine for 1996 med om lag 1 millard kroner frå mai 1996 til februar 1997.

Samanlikna med det fyste 1997-anslaget gitt for eit år sia, er det aktuelle 1997-anslaget om lag 4,4 milliardar kroner høgare. Alle næringar med unnatak for metallindustrien har justert planane sine opp: Næringsmiddelindustrien med 1,2 milliardar kroner, oljeraffinering og kjemisk industri med 0,9 milliard, transportmiddelindustri og mineralproduktindustri - båe med 0,5 milliard.

Kraftforsyning
Kraftforsyninga sitt anslag for 1998 er på 3,2 milliardar kroner, vel 0,6 milliard høgare enn det fyste 1997-anslaget rapportert for eit år sia. Det aktuelle 1997-anslaget er totalt på 4,1 milliardar kroner, om lag 1,6 milliardar høgare enn det fyste 1997-anslaget rapportert for eitt år sia.

Om statistikken
Statistikken omfattar oppgåver frå 2 100 bedrifter. Frist for innsending er den 5. i kvartalets midtre månad. Det vert henta inn verdioppgåver over utførte investeringar i føregåande kvartal, pårekna investeringar i inneværande kvartal, for resten av året og anslag for komande år.

Tal for investeringane i eit år vert samla inn til saman åtte gonger - fyste gong i mai året før investeringsåret der bedriftene rapporterer sine grove anslag for investe-ringsplanane i det komande året. Siste gong tal vert samla inn er i februar året etter investeringsåret.

Oppgåvene omfattar berre nye investeringar, det vil seie at kjøp av brukte maskinar og utstyr med vidare ikkje skal takast med i oppgåva. Kjøp av bustader, tomter og vassfall omfattast heller ikkje av undersøkinga.

Ny statistikk

Investeringsstatistikk. Bergverksdrift, industri og kraftforsyning, 2. kv. 1997.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk. Meir informasjon: Inger Hostvedt, tlf. 21 09 47 20 , e-post: hos@ssb.no.

Tabellar


Ukens statistikk nr. 24, 1997