Statistikk og skole

Elevar og talet på lærarar

Publisert:

Ifølgje førebelse tal for skoleåret 2004/05 frigitt 22. desember 2004, er det totalt 618 300 elevar i grunnskolen. Lærarane utførar 51 720 årsverk. Elevane mottek til saman 612 761 500 timar med undervisning, medan lærarane underviser til saman 45 485 500 timar. Gjennomsnittleg gruppestorleik for Noreg er 14 elevar. Talet elevar per undervisningsrelaterte årsverk er 12, landet sett under eitt.

Etter omorganiseringa av undervisninga i grunnskolen er omgrep som klasse byta ut med gruppe og gjennomsnittleg klassestorleik er byta ut med gjennomsnittleg gruppestorleik. Det er fleire tal som beskriv talet lærarar per elev. Dei to mest brukte indikatorane er gjennomsnittleg gruppestorleik og elevar per undervisningsrelaterte årsverk.

Gjennomsnittlig gruppestørrelse i grunnskolen. Foreløpige tall 2004

Gjennomsnittleg gruppestorleik beskriv kor mange elevar det er per lærar i gjennomsnitt.

Talet blir utrekna ved å dele elevtimar på lærartimar. Talet elevtimar blir utrekna ved å gange talet elevar i kvart årstrinn på ein skole, med minstetimetalet elevane skal få undervisning. Lærartimar blir berekna ut frå talet timar lærarane gir undervisning til ei gruppe eller einskilde elevar. Timar til morsmålsundervisning og finsk som andrespråk blir ikkje rekna med i lærartimane, av di dei ikkje er med i elevtimetalet.

Elevar per undervisningsrelaterte årsverk beskriv ressursbruken i grunnskolen av di lærarlønna er den største driftskostnaden. Talet blir utrekna ved å dele talet elevar i ordinær grunnskole med talet årsverk utført av undervisningspersonalet. Årsverk utført av assistentar vert ikkje rekna med.

Sidan dette handlar om to forskjellige tal blir dei også litt forskjellige. Skilnaden kommer hovudsakelig av at eit lærarårsverk består av fleire timar enn dei timane som nyttast til undervisning (leseplikta). Gjennomsnittleg gruppestorleik for Noreg er 14 elevar. Talet elevar per undervisningsrelaterte årsverk er 12, landet sett under eitt.

Tala over er henta frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI), som er Utdanningsdirektoratets system for rapportering frå grunnskolen. GSI inneheld rapporterte tal frå alle grunnskolane i Noreg. Systemet vart oppretta for å gi all naudsynt informasjon om tilstanden i grunnskolen som trengst for å utarbeide statistikk og for å dekkje styringsbehov på høgare nivå. GSI vert nytta av SSB til framstilling av offisiell statistikk. I tillegg ligg informasjonen frå GSI på http://www.wis.no/gsi .

Tal på ressurssituasjonen i grunnskolen vert hovudsakelig publisert gjennom SSB sine nettsider for KOSTRA på http://www.ssb.no/kostra/ . Her vert førebelse tal frigjeve 15. mars, og endelege tal er klare 15. juni.

Tabeller:

Kontakt