159637_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/aar
159637
Betra driftsresultat for kyrkjelege fellesråd
statistikk
2014-06-26T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betra driftsresultat for kyrkjelege fellesråd

Brutto driftsresultat til dei kyrkjelege fellesråda vart i 2013 på 265 millionar kroner. Dette svara til ein prosentvis auke på 53,2 prosent frå 2012, eller 92 millionar kroner. Samstundes ser vi ein auke på 43 prosent i investeringane til kyrkjer og gravplassar.

Hovedtal for kyrkjelege fellesråd
Millionar kronerEndring i prosent
201320122012 - 2013
Tilskot frå eigen kommune2 5882 4844,2
Statlege tilskot2852676,7
Løn og sosiale utgifter2 5212 4712,0
Kjøp av varer og tenester1 13292222,8
Brutto driftsresultat26517353,2
Netto driftsresultat23615255,3
Investeringsutgifter82757843,1
Figur 1. Driftsutgifter etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Driftsutgiftene i dei kyrkjelege fellesråda har hatt ein mindre auke enn før medan inntektene har auka omtrent like mykje som i perioden 2011-2012. Driftsutgiftene var rundt 4,2 milliardar kroner i 2013, mot om lag 4,0 milliardar kroner i 2012. Dette er ein auke i driftsutgiftene på 199 millionar kroner. Fellesråda sine driftsinntekter var om lag 4,4 milliardar kroner i 2013, mot knappe 4,2 milliardar året før. Driftsinntektene for fellesråda var om lag 4,4 milliardar kroner i 2013, mot knappe 4,2 milliardar året før. Dette er ein auke på 291 millionar kroner.

Auken i investeringane kjem blant anna av at investeringane til gravplassar har auka til det høgaste nivået på fleire år. 2012 hadde låge investeringar til kyrkjer, og i 2013 har desse kome opp på eit meir normalt leie.

Den største inntektskjelda er eigen kommune

I 2013 overførte kommunane 2,6 milliardar kroner til dei kyrkjelege fellesråda, mot i overkant av 2,4 milliardar kroner i 2012. Dette er ein auke på 104 millionar kroner, eller 4,2 prosent, frå året før. Tilskot frå fellesråda og sokneråda auka frå 12 millionar i 2012 til 19 millionar kroner i 2013. Tala for 2013 viser at statlege tilskot vart på 285 millionar kroner, mot 267 millionar kroner året før. Brukarbetalingane auka frå 337 millionar i 2012 til 453 millionar i 2013.

I perioden 2010-2013 har tilskota frå eigen kommune auka med 400 millionar, men dei utgjorde ein noko mindre del av driftsinntektene i 2013 enn tidlegare år. Refusjonar, overføringar inkludert momskompensasjon og brukarbetalingar som er ein del av driftsinntektene er det som har auka mest frå 2010 til 2013.

Løn og sosiale utgifter er den største utgiftsposten for fellesråda

I 2013 var løn og sosiale utgifter om lag 2,5 milliardar kroner, ein auke på 50 millionar kroner frå året før. Dette er ein auke på berre 2 prosent frå året før mot ein auke på 7,2 prosent frå 2011-2012. Kjøp av varer og tenester utgjorde 1,1 milliardar kroner i 2013, mot 922 millionar kroner i 2012.

Driftsutgifter til løn og sosiale utgifter har hatt ein gradvis nedgang i perioden 2010-2013, både i kroner og som del av dei totale driftsutgiftene. I 2010 utgjorde desse utgiftene 62,2 prosent av dei totale driftsutgiftene, mot 60,3 prosent i 2013. Utgiftene til kjøp av varer og tenester utgjorde ein større del i 2013 enn i dei tidlegare åra.

Utgiftene til kjøp av varer og tenester som er ein del av dei totale driftsutgiftene svinga noko meir i perioden 2010-2013. I 2010 og 2011 utgjorde dei om lag 25 prosent av driftsutgiftene. I 2012 utgjorde dei 23 prosent, medan dei i 2013 var på drygt 27 prosent.

I 2013 var driftsutgiftene til tenester for kyrkja litt over 1,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 31 millionar kroner frå året før. Storparten av driftsutgiftene til kyrkja går til løn, samt drift og vedlikehald av kyrkjebygga.

Investeringane til kyrkjer og gravplassar aukar

Investeringar i anleggsmiddel i bygg og anlegg utgjorde 827 millionar kroner i 2013. Dette er 249 millionar kroner meir enn året før. Oppgangen har samanheng med høgare investeringsutgifter til kyrkjer og gravplassar.

Investeringane til kyrkjebygg er den klart største utgifta og utgjorde 447 millionar kroner, eller 54 prosent, av dei totale investeringsutgiftene. 64 prosent av dei totale investeringsutgiftene vart finansiert ved refusjonar, tilskot, gåver og eigne middel. Bruken av lån til investeringar gjekk opp frå 144 millionar i 2012 til 296 millionar kroner i 2013, ein auke på 152 millionar kroner.

Nær 1 milliard i langsiktig gjeld

I 2013 utgjorde langsiktig gjeld 997 millionar kroner, mot 792 millionar kroner i 2012. Medan dei langsiktige låna auka med 205 millionar kroner frå 2012, gjekk den kortsiktige gjelda på same tid opp med 66 millionar kroner. Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 11 milliardar kroner i 2013. Det svarar til ein auke på om lag 6,2 prosent frå 2012.

20 fellesråd har ikkje levert rekneskapetÅpne og lesLukk

I rekneskapsåret 2013 er det 20 fellesråd (inkludert sokneråd i kommunar med berre eit sokn) som ikkje har levert, av totalt 417. I variablane for driftsrekneskapet er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar, er estimerte på bakgrunn av innbyggjartal. Variablane frå investeringsregnskapet og balansen er basert på dei rekneskapa som er innrapportert.