Stor vekst i utgifter til brann og ulukkesvern i kommunane

Publisert:

Kommunane brukte 5,6 milliardar kroner på brann- og ulukkesvern i 2016. Mesteparten av dette gjekk med til beredskap knytt til brannar og andre ulukker.

Det har vore ein auke i totale utgifter på om lag 8 prosent for brann- og ulukkesvern i kommunane frå 2015 til 2016. Utviklinga dei siste åra, frå 2012, viser ein auke i utgiftene på i overkant av 27 prosent. Om lag 67 prosent av dei totale utgiftene gjekk med til løning av personell i 2016. Utgiftene til brann- og ulukkesvern utgjer om lag 1,5 prosent av dei totale utgiftene til kommunane.

Størst utgifter til beredskapsføremål

Den største utgiftsposten i brann- og ulukkesvernet i kommunane er beredskap mot brannar og andre ulukker. I 2016 blei det brukt i overkant av 4,5 milliardar til brannvesen, oljevernberedskap og annan beredskap mot brann- og eksplosjonsarta ulukker. I 2015 var tilsvarande utgifter om lag 4,2 milliardar kroner. Det inneber ein utgiftsvekst for beredskap på vel 8 prosent mellom dei to åra, og nær 28 prosent frå 2012.

Figur 1. Utgifter til Brann og ulukkesvern etter funksjon

2012 2013 2014 2015 2016
Førebygging av brannar og andre ulukker (funksjon 338) 0.9 0.9 1.0 1.0 1.1
Beredskap mot brannar og andre ulukker (funksjon 339) 3.5 3.8 4.1 4.2 4.5

Likeins aukar utgiftene til førebygging

Utgiftene til førebygging av brannar og andre ulukker er, som tidlegare år, på eit lågare nivå enn utgiftene til beredskap. I 2016 gjekk det med nær 1,1 milliard kroner til førebygging i form av drift av feiarvesen og andre tiltak som skal førebyggje brann og eksplosjonsarta ulukker. Dette er ein auke på nær 6 prosent frå året før, og vel 25 prosent frå 2012. Utgifter til førebygging av brannar og andre ulukker utgjer framleis om lag ein femdel av dei totale utgiftene til brann- og ulukkesvern i kommunane.

Ei viktig førebyggjande oppgåve for det kommunale brann- og feiarvesenet er å sørgje for at det blir ført tilsyn med bygningar og område der brann kan innebere tap av mange liv. Det gjeld til dømes i institusjonar, sjukehus og barnehagar. Desse einingane blir gjerne omtala som A-objekt. I 2016 fanst det vel 23 000 slike bygg, og det blei gjennomført tilsyn med halvparten av dei.

Over 3 000 registrerte bygningsbrannar i 2016

Ei av hovudoppgåvene til brannvesena ute i kommunane er å sløkkje ulike typar brannar. I 2016 var det registrert 3009 bygningsbrannar. 61 prosent av desse var bustadbrannar. Tal på fylkesnivå viser at Oslo var fylket med desidert flest bygningsbrannar og Sogn og Fjordane fylket med færrast. Dette kan i stor grad forklarast med skilnaden i talet på bygningar og talet på innbyggjarar i dei to fylka. Den kalkulerte erstatninga til bygningsbrannar var på om lag 4,1 milliardar i 2016.

Kontakt