90481
/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/statistikker/orgsat/aar
90481
Verdiskapinga har passert 100 milliardar
statistikk
2012-12-19T10:00:00.000Z
Nasjonalregnskap og konjunkturer;Kultur og fritid
no
orgsat, Satellittregnskap for ideelle og frivillige organisasjoner, frivillig arbeid, dugnadsinnsats, verdiskaping.Nasjonalregnskap, Organisasjoner og medlemskap, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Kultur og fritid
false

Satellittregnskap for ideelle og frivillige organisasjoner2010

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Verdiskapinga har passert 100 milliardar

Bruttoproduktet, ofte omtala som verdiskapinga, i ideelle og frivillige organisasjonar er rekna til å vere 101 milliardar kroner i 2010. Dette tilsvarer om lag 20 000 kroner per innbyggjar. Frivillig (ulønna) arbeid utgjorde heile 60 prosent av verdiskapinga i sektoren i 2010. Bruttoproduktet rekna utan ulønna arbeid var det same året 42 milliardar, som er vel 1,2 milliardar kroner høgare enn året før.

Bruttoprodukt i ideell og frivillig sektor utgjorde 1,7 prosent av BNP, som er uendra frå 2009. Inkludert ulønna arbeid utgjorde sektoren i 2010 3,9 prosent av BNP, som er noko lågare enn i 2009, men høgare enn i åra 2006-2008. Grunnen til denne utviklinga er at BNP i 2009 fall som følgje av finanskrisa internasjonalt, noko som gjorde at det relative bidraget frå ideell og frivillig sektor dette året blei stort. I 2010 har det igjen skjedd ei normalisering av delane.

Stabile bidrag frå aktivitetane til verdiskapinga

Det var dei same aktivitetane som bidrog mest til verdiskapinga i 2010 som året før. Helse og sosiale tenester, samt utdanning og forsking, stod til saman for nesten 60 prosent av bruttoproduktet i sektoren. I tillegg bidrog kultur og fritid med nesten 15 prosent.

Når vi inkluderer verdien av det ulønna arbeidet, som er om lag 60 milliardar kroner, endrar biletet seg noko. Delen til dei nemnte ulike velferdsaktivitetane fell til vel 30 prosent. Kultur og fritid aukar derimot sin del til nesten 40 prosent, noko som ikkje er overraskande ettersom det er her vi finn det meste av den frivillige verksemda.

Figur 1

Verdiskaping (ekskludert ulønna arbeid) i ideelle og frivillige organisasjonar, etter aktivitet. 2010. Prosent

Figur 2

Verdiskaping (inkludert berekna verdi for ulønna arbeid) i ideelle og frivillige organisasjonar, etter aktivitet. 2010. Prosent (Retta 14. mars 2013)

1,4 frivillige for kvar lønna person

Den frivillige (ulønna) innsatsen i Noreg i 2010 utgjorde til saman 115 000 årsverk, noko som tilsvarer 4,8 prosent av alle årsverka i Noreg. Denne delen har halde seg stabil dei siste åra.

Talet på frivillige overstig talet på lønna årsverk i sektoren. I 2010 stod det i gjennomsnitt vel 1,4 frivillige bak kvar lønna arbeidstakar. Flest frivillige per lønna arbeidstakarar finn vi innanfor kultur og fritid, miljøvern, lokalmiljø og bustad samt politiske organisasjonar. Relativt sett er det aktivitetane innanfor kultur og fritid som står for mesteparten, med nærare 60 prosent av dei frivillige årsverka. Av desse er det idretten som bidreg mest, som totalt sett utgjer om lag ein fjerdedel av all ulønna aktivitet i Noreg.

Motsett finn vi flest lønna per frivillig innanfor kategoriane utdanning og forsking, helse og sosiale tenester, interesseorganisasjonar og juridisk teneste, samt yrkes-, bransje-, og fagforeiningar.

Figur 3

Årsverk, etter aktivitet, lønnstakarar og ulønna. 2010 (Retta 14. mars 2013)

Ideelle og frivillige organisasjonar, nøkkeltal. 2006-2010
 
 20062007200820092010
 
Ideelle og frivillige organisasjonar ekskludert ulønna arbeid     
Produksjon (sum driftskostnader). Millionar kroner62 81267 77473 67478 81481 728
Bruttoprodukt. Millionar kroner31 93434 99237 95240 64241 856
Årsverk (lønnstakarar). Tal70 86473 89376 72379 77780 105
      
Bruttoprodukt som del av BNP. Prosent1,51,51,51,71,7
Bruttoprodukt som del av BNP Fastlands-Norge. Prosent2,02,02,02,22,1
Årsverk (lønnstakarar) som del av årsverk i alt for Norge. Prosent3,33,33,33,53,5
      
Ideelle og frivillige organisasjonar inkludert ulønna arbeid     
Produksjon (sum driftskostnadar) inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner 112 744 120 147 128 875 135 947 141 307
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid. Millionar kroner81 86687 36593 15397 775 101 435
Ulønna årsverk. Tal 114 043 114 329 114 616 114 903 115 149
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna). Tal 184 907 188 222 191 338 194 680 195 255
      
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP 1 . Prosent3,73,73,64,13,9
Bruttoprodukt inkludert verdien av ulønna arbeid som del av BNP Fastlands-Norge 2 . Prosent5,04,84,95,15,0
Ulønna årsverk som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent5,14,94,74,84,8
Årsverk i alt (lønnstakarar og ulønna) som del av årsverk i alt for Norge 3 . Prosent8,38,07,98,18,1
 
1  BNP inkludert verdien av ulønna arbeid
2  BNP Fastlands-Norge inkludert verdien av ulønna arbeid
3  Årsverk i alt for Norge inkludert ulønna årsverk

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB